Karl Ove Hufthammer

Gratis kvalitetsdataspel – før, no og framover

I over ti år har eg vedlikehalde nettstaden Gratis kvalitetsdataspel, ei unik samling med spelomtalar av gode, gratis dataspel. Men no er det slutt, og nettstaden er lagt – nei, ikkje ned, men – i koma. Det passar derfor fint å reflektera litt over nokre tekniske moment. (Sjølve historien til nettstaden har eg skriva om ein annan plass.)

Heilt frå starten, i våren 1999, var eg opptatt av å følgja nettsidestandardane, og var nøye med å skriva strukturbasert HTML. Dette gjorde at nettsida (det var først berre éi sida, med fleire omtalar på) fungerte i alle nettlesarane, og eg slapp å bekymra meg kvar gong leverandørane kom ut med ein ny versjon av Netscape eller Internet Explorer. Eg brukte òg stilsett for å formatera utsjånaden, noko som sparte meg mykje arbeid. Den gamle sida frå 1999 fungerer like godt i dag som ho gjorde då, utan nokon endringar frå mi sida. Å følgja standardane er framtidsretta!

Tenk no tilbake til 1999. Folk brukte analoge 28,8-modem (eller tregare), og surfing gjekk seint. Spesielt kunne det å få kontakt med tenaren og starta nedlastinga av ei sida ta litt tid, slik at surfing frå éi side til ei ny medførte betydelig venting. Eg la stadig til nye spelomtalar, og nettsida begynte å verta lang. Dette var ikkje noko problem nedlastingsmessig, men sida var blitt uoversiktelig og ubehagelig å navigera, og det var eit klart behov for å dela ho opp, med éin omtale på kvar sida.

Men med trege nettsamband ville brukaropplevinga med mange småsider alt i alt verta dårligare. Løysinga var å prøva noko som var heilt nytt på den tida, W3Cs DOM. Dei ulike nettlesarleverandørane prøvde seg med liknande proprietære og ukompatible løysingar, som vart mykje brukte, men dette var altso den offisielle standarden (som vart lite brukt). Med denne kunne eg legga inn dynamiske effektar, som å gøyma eller visa delar av nettsida utan at ho måtte lastast på nytt.

Eg la spelomtalane inn under ulike sjangrar (actionspel, eventyrspel, kortspel …), og ordna det slik at ein kunne klikka på sjangeroverskriftene for å visa/gøyma alle omtalane i sjangeren. Viss ein heller trykte på lenkja til ein omtale i toppmenyen, dukka det opp ei oversikt av spela i ei ramma til venstre, og berre den valde spelomtalen vart vist. Når ein trykte på ein ny omtale, vart denne vist i staden. Resultatet var altso at det verka som at ein var på ein nettstad der ulike lenkjer førte til ulike sider, men at Internett var blitt tusen gongar so raskt som ein var van med!

Liknande løysingar har det vore lite av på andre nettsider, før dei siste åra, når gode dynamiske effektar endelig har teke av. Men mykje av teknologien har altso vore tilgjengelig heilt sidan 1999. Og den gamle nettsida fungerer like godt i nyaste Firefox i år som ho gjorde på dei beste nettlesarane då.

Seinare vart det veldig mange omtalar, eg ville legga bilde til dei, og til slutt måtte eg dela opp nettsida i fleire småsider. Den tekniske løysinga bak dette har eg for øvrig skrive om her på bloggen før, samt litt på informasjonssida til Gratis kvalitetsdataspel.

Eg likte å eksperimentera etter kvart som det dukka opp nye standardar, og det ber sidene preg av; dei har mange flotte smådetaljar (sjekk kjeldekoden!). Eg trur forresten nettstaden er ein av veldig få som støttar W3Cs standard for personversondeklarasjon på nettsider, P3P!

Ein annan ting eg eksperimenterte vidare med, var bruk av ulike stilsett til å formatera utsjånaden. Desse ligg inne som alternative stilsett, slik at du kan sjå korleis sidene såg ut på ulike tidspunkt ved å velja for eksempel «Vis → Sidestil» i Firefox eller «Vis → Bruk stilsett» i Konqueror på nettstaden. Ein artig funksjon!

No når nettstaden skulle leggast til kvile, bestemte eg meg for å rydda opp lenkjeròten som hadde oppstått. Eg har derfor gått gjennom alle lenkjene, og retta dei som ikkje lenger fungerte. Eg har òg oppdatert dei til å peika til dei nyaste versjonane av spela. So, viss du er interessert i bittelitt gamle, men veldig gode, dataspel, er det berre å ta turen innom Gratis kvalitetsdataspel.

(Eg hadde forresten tenkt å kalla denne artikkelen «Nekrolog for ein nettstad». Det vart for trist, men det var jo ein ganske poetisk tittel, då!)

1 kommentar

  1. Hei!
    Takk for at du lar kvalitetsdataspillsiden leve.
    Jeg har satt opp(reparert/forbedret) og donert mange PCer til folk som har dårlig råd. Der hvor det er barn inne i bildet har jeg installert spill fra din side. Største fordelene har vært at jeg har kunnet gi dem gratis kvalitetsspill og,ikke minst, en lenke eller utskrift med en omtale på norsk.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.