Karl Ove Hufthammer

Nettsidestandardar

5. May 2003 (oppdatert 28. mai 2009)

Frå eit innlegg av Simon Willison fekk eg høra om ein ny artikkel W3C har gitt ut: «My Web site is standard! And yours?».

Her presenterer dei vanlige argument for ikkje å følgja standardar, samt motargument. Artikkelen inneheld òg ein del tips om nyttige verktøy og tenester. Det meste er kanskje kjent for lesarar av denne bloggen, men det er uansett ein grei artikkel.

Og artikkelen gav meg ei unnskyldning for nemna den fantastiske klassikaren «Comments on Standards for Web Documents». Har du ikkje lese han allereie, so gjer det! (Han er ikkje godt eigna for lesing på skjerm, so skriv han ut og les han på bussen, eller noko sånt.)

Dei to siste avsnitta i artikkelen summerer det heile opp, og er verdt å sitera:

So, if you need that document to be accessible six years from now, you have two choices. You can commit yourself today to revisiting that document—and every other document on your web site—every six months or so and retagging it to meet the current browser hacks, or you can make sure the document exists in a standard format that will be available for the long term, and never touch it again.

In closing, my question is: which of those two approaches really frees you up to play with content, and which forever shackles you to the tedious job of fixing tags?

Emne: Nettsideutvikling

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.