Karl Ove Hufthammer

Ein god brødkniv

12. august 2003 (oppdatert 3. juni 2009)

For rundt halvanna år sidan kjøpte eg meg ein brødkniv – ein OXO GOOD GRIPS Natural Grip Bread Knife. Det var ein av dei beste investeringane eg har gjort.

Denne brødkniven har ikkje eit handtak som går rett ut, som andre knivar, men eit som bøyer seg opp og fram, som på ei sag. Det gjer at han er mykje meir behagelig å halda og å bruka, noko eg vert minna på kvar gong eg er hos andre, og skal skjera brød. Vanlige brødknivar er rett og slett fryktelig ubehagelige å bruka, og ikkje godt tilpassa oss menneske.

Ein må kanskje ha prøvd ein sånn kniv for å forstå kor dårlige dei andre er. Gjer det. Eg reknar med du aldri vil gå tilbake til vanlige brødknivar etterpå!.

Godt ergonomisk utforma produkt er noko eg set stor pris på, og no er eg på jakt etter ein ostehøvel med «ståhandtak». Eg har sett på Internett at det finst fleire sånne, men dei er tilsynelatande umulige å få tak i i Norge.

Bildet er for øvrig tatt frå heimesida til OXO. Eg reknar med dei ikkje har noko imot det.

Emne: Ymse

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.