Karl Ove Hufthammer

Emballasjeopnarar

12. oktober 2003

Problemet

Eg føler eit sterkt hat til emballasjeprodusentar, spesielt til dei som lagar emballasje til CD-ar. Desse er nær umulig å få av platene.

Eg har sjølv gjentatte gongar brukt opptil fleire minutt på å prøva å få av denne plasten. Og sjølv når produsenten har vore omtenksam nok til å bygga inn ei «opningsstripa» (eit band i hardare plast) er denne ofte til mindre hjelp enn ho burde, av tre grunnar:

  1. plasseringa av stripa er ikkje standardisert
  2. stripa er ofte i same farge som resten av plasten
  3. kor ein skal begynna å dra i stripa varierer

Alt dette gjer at det er vanskelig (og noko tidkrevande) å oppdaga stripa, og finna ut korleis ein skal bruka ho.

Nokre produsentar klarar overraskande nok å gjera ting endå verre! Eg har kjøpt ein boks med tomme CD-ar, der boksen er pakka inn i plast, men i tillegg er kvar plata i boksen òg pakka inn i plast. Kva tenker dei som kjem på sånt (med)‽

Løysinga

Løysinga fann eg hos Clas Ohlson. Der sel dei ein pakke med to emballasjeopnarar, der eine er spesialtilpassa for opning CD-ar, mens den andre kan brukast på anna liknande emballasje, som kassettar og videokassettar.

CD-opnaren fungerer ved at du drar han kjapt langs kanten på CD-øskja. Ein liten kniv skjerer då hol i emballasjen (utan å skada sjølve øskja), sånn at du lett kan fjerna han. Dette fungerer utmerka!

Til orientering kostar pakken med dei to opnarane 19 kroner, og har varenummer 32-1829.

Emne: Ymse

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.