Karl Ove Hufthammer

Moderne tider

19. september 2003 (oppdatert 12. juni 2009)

Eg har vore på kino og sett den klassiske filmen Moderne tider, med Charles Chaplin i hovudrolla.

Distributøren Arthaus oppsummerer filmen fint:

Chaplins velkjente samfunnssatire fra 1936 oppleves fremdeles som svært aktuell.

Chaplin var veldig opptatt av nøden og arbeidsledigheten under depresjonen. Han uttalte blant annet at maskinene skulle begunstige mennesket og ikke gjøre det overføldig. Samfunnskritikken er da også synlig fra første scene hvor det klippes mellom en saueflokk og og arbeidere som kommer ut fra fabrikken. Men i saueflokken er det er sort får.

Sjølv om ramma er alvorlig, er dette ein Chaplin-film, og følgelig stappa med humor. Arthaus, som omtrent åleine sørger for kvalitetsfilmar på norsk kino (all mulig æra til dei!), har tidligare fått sett opp Chaplin-filmen Diktatoren. Den filmen var heilt OK, og hadde sine humoristiske øyeblikk, men er ingenting imot Moderne tider. Dette er faktisk den morosamaste filmen eg har sett på veldig lenge (ikkje minst grunna matmaskinscena tidlig i filmen)!

Eg trur faktisk eg vil gå so langt som å gje Moderne tider 10 av 10 mulige poeng. Eg er isofall i godt selskap; filmen ligg for tida på 84. plass på IMDbs brukarstyrte liste over dei beste filmane.

Om du vil unna deg ein skikkelig kvalitetsfilm, gå og sjå denne (billetten kostar faktisk berre 50 kroner!), og pris deg lykkelig over at me har selskap som Arthaus, som får sett opp reprisar av klassikarane på det store lerretet.

Emne: Film og fjernsyn

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.