Karl Ove Hufthammer

Skikkelige bloggadresser

Etter mykje om og men har eg endelig fått skikkelige adresser på bloggen. Ingen fleire kryptiske tal og unødvendige datoar:

Før: http://huftis.org/arkiv/2005/05/17/192/
No: http://huftis.org/artiklar/brukarvenlige-nettsidebilde/

Takk til Arve Bersvendsen for oppskrifta.

Det gamle, dårlige adressesystemet har for øvrig vore grunnen til at eg ikkje har vilja overført artiklane på www.huftis.org til bloggen før. Men det skal eg gradvis gjera no. Det som so gjenstår, er å få i orden eit system for som sørgjer for at all informasjonen til ei kvar tid er oppdatert og kvalitetssikra (ved å varsla meg når ei sida ikkje har blitt oppdatert på for eksempel 6 månader). Då er endelig bloggen slik eg vil ha han, reint teknisk iallfall!

13 kommentarar

  1. Eg køyrde samme IRI-design på sida mi, misinterpreted, før, men eg fann nokre svake punkt ved dette designet:

    • Kva om to innlegg har samme slug (IRI-vennleg tittel, i dette innleggets tilfellet skikkelige-bloggadresser)? Då vil det bli krøll.
    • Det er ikkje like beskrivande som det som eg brukar på bloggen min (designet er /archives/YYYY/MM/DD/slug)

    IRI-designet /artiklar/slug syns eg passar betre for sider som A List Apart og Sitepoint, ikkje for ein blogg.
    Det optimale IRI-designet for ein blogg der det ikkje blir lagt til nye innlegg fleire gongar per dag er noko slikt: /YYYY/MM/slug.
    ——-
    Forresten, berre slik at eg ikkje forvirrar nokon med abbrevisjonen IRI:
    URI vart omdøypt til IRI tidlegare i år, på grunn av dei nye nordiske bokstavane som no er lovleg i domenenamn.

  2. To innlegg vil ikkje ha same identifikator; det ville bety at eg skreiv om same ting to gongar. Og det skal eg ikkje.
    Eg ønskjer ikkje eit datosentrert adressesystem, då innhaldet mitt ikkje er datosentrert. Bloggen er meir meint som ei samling artiklar om stort og smått, sjølv om nokre er meir tidsaktuelle enn andre. Eg kjem forresten til å sletta gamle artiklar som tida har gått frå.
    For øvrig er ikkje IRI det nye namnet på URI; det er ein ny standard.

  3. To innlegg vil ikkje ha same identifikator; det ville bety at eg skreiv om same ting to gongar. Og det skal eg ikkje.

    Har Movable Type ein funksjon som advarar deg viss du har brukt ein eksisterande slug? For sånne ting kan forekomme.

    Eg ønskjer ikkje eit datosentrert adressesystem, då innhaldet mitt ikkje er datosentrert. Bloggen er meir meint som ei samling artiklar om stort og smått, sjølv om nokre er meir tidsaktuelle enn andre. Eg kjem forresten til å sletta gamle artiklar som tida har gått frå.

    Eg syns ikkje du bør slette gamle artiklar. Innhald på Internet bør vere permanent, og bør iallfall ikkje slettast berre fordi «tida har gått frå». Det er mi meining, iallfall.

    For øvrig er ikkje IRI det nye namnet på URI; det er ein ny standard.

    Ja, sant nok. Eg formulerte meg dårlig der.

  4. Har Movable Type ein funksjon som advarar deg viss du har brukt ein eksisterande slug?

    Det veit eg ikkje. Men eg skal passa på å unngå kolliderande identifikatorar. Eg reknar med det skal gå bra.

    Eg syns ikkje du bør slette gamle artiklar. Innhold på Internet bør vere permanent, og bør iallfall ikkje slettast berre fordi «tida har gått frå».

    La meg parafrasera deg: Innhald på Internett bør bestå av utdatert og feilaktig informasjon. Eg er ueinig (det er som kjent lett å vera uenig med sjølvlagde stråmenn ☺), og meiner dette nettopp er noko av problemet med Internett slik det er no. Det er fryktelig mykje utdatert (spesielt teknisk) informasjon som burde vore renska vekk.

    Men dette er som sagt noko som berre vil gjelda bloggen min. Eg ønskjer at all informasjon her er nokolunde à jour og korrekt. Førstevalet for gammal informasjon vert derfor å oppdatera han. Når dette ikkje er mulig – når informasjonen har blitt uvesentlig og misvisande – er andrevalet (sistevalet) å fjerna han.
    Når dette er sagt, vil eg leggja til at eg set stor pris på at for eksempel gamle avisartiklar ligg tilgjengelige. Det er ei viktig kulturellhistorisk og samfunnshistorisk kjelda.
    Eg set mindre pris på at gamle, utdaterte tekniske oppskrifter på for eksempel redigering av oppsettfiler i Linux ligg ute, spesielt når desse vil gjera skade på system om dei vert brukt.
    Altfor mange lærer sine eigne feil av andre.
    Når Internett kom, vart det skrytt veldig av fordelane framfor tradisjonelle medium/format: All informasjonen ville vera tilgjengelig og oppdatert – berre eit tastetrykk unna. Slutt på utdaterte programhandbøker! Og når nokon oppdaga ein (trykk)feil i ein artikkel, var det berre å retta han. Fantastisk!
    Det vart ikkje slik. Aldri før har so mykje utdatert og dårlig informasjon vore direkte tilgjengelig. Og han vert verande.
    (For nettaviser kan ein ha grunnar til artiklar skal vera «permanente», eller iallfall at alle gamle utgåver skal vera arkiverte og tilgjengelige. Det kan eg vera einig i, og det er for so vidt ikkje hovudpoenget mitt her.)

  5. Karl Ove Hufthammer:

    Eg kjem forresten til å sletta gamle artiklar som tida har gått frå.

    Er det noen av de nåværende artiklene som står i fare for å slettes i nærmeste framtid?

  6. Karl Ove: I staden for å permanent fjerne innhaldet, kan du legge opp ein advarsel om at innhaldet i den aktuelle artikkelen er utdatert, og at metoden ikkje anbefalast for bruk. Noko liknande har Wikipedia gjort på artiklane sine som ikkje er objektive.
    Eventuelt, viss du føler at du absolutt fjerne innhaldet, hugs å send HTTP-statusen 410 Gone.

  7. I staden for å permanent fjerne innhaldet, kan du legge opp ein advarsel om at innhaldet i den aktuelle artikkelen er utdatert, og at metoden ikkje anbefalast for bruk.

    Ja, det kan eg, men eg ser ikkje korfor eg skal gjera det. Eg ser med andre ord ikkje fordelen med å la gammal, utdatert informasjon ligga ute.

    Eventuelt, viss du føler at du absolutt må fjerne innhaldet, hugs å send HTTP-statusen 410 Gone.

    Det skal eg. Eg vil nok til og med bruka 303 See Other på nokre sider.

Legg att eit svar til Henrik Lied Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.