Karl Ove Hufthammer

Ordbanken versjon 2009-08-10 klar

Eg har no lagt ut versjon 2009-08-10 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne gongen er det ikkje so mykje nytt, men nokre rettingar, endringar og nye funksjonar er det då:

Meir informasjon finn de på heimesida og prosjektsida. De kan lasta ned programmet frå nedlastingssida.

Tilbakemeldingar er hjertelig velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår, eller send ein e-post direkte til meg.

7 kommentarar

  1. Vet du hva som skal til for at et ord skal komme med i orddatabasen? Jeg fant ting som HIV-positiveste, Hiroshima-bomber, Harvard-professor, Honecker, Hydro-ansatteste og Horizonte.

    1. Orda er i utgangspunktet dei same som i Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nett (og ordbankdatabasen vert brukt når du søker etter bøygde former der). I tillegg er det med nokre geografiske namn og samansette ord.

      Eit problem er overgenerering av adjektiv, som «høgspentaste» (den mest høgspente), eller bokmålseksempla du nemner, «positiveste» og «ansatteste». Her måtte ein gått over heile orddatabasen og markert kva adjektiv som var fornuftige å gradbøya, og det er ikkje gjort. Og det vert trulig heller ikkje gjort, iallfall ikkje med det første.

      For øvrig er det ikkje nødvendigvis klart i kvart tilfelle om eit ord kan gradbøyast. For eksempel kunne kanskje «absurdaste» verta godteken.

      Men overgenerering er ikkje noko problem viss du brukar programmet til å slå opp ordbøyingar som du er usikker på. Og overgenereringane kan jo til tider vera ganske underhaldande. Prøv for eksempel å seia «kongregasjonalistiskaste» ti gongar etter kvarandre (eller berre éin gong!).

      For meir moro: Hør howjsay.com-fyren uttala ord som floccinaucinihilipilification eller supercalifragilisticexpialidocious. Ei sånn tenesta skulle me hatt for norsk òg!

  2. Så det du sier er at ordbankdatabasen ikke er ment å være brukt som et grunnlag for å lage en ordbok, til for eksempel rettskriving, men bare for referanse om hvordan ord kan bøyes?

  3. Takk, dette er genialt!

    Om du har planer for å bringe dette virkelig helt inn på skrivebordet, hadde en plasmoid for vært genialt 🙂

    1. Eg har ingen planar for ein plasmoide. Men eg synest å hugsa ein plasmoide som viste resultatet av eit vilkårlig skript. Då får ein det du er på jakt etter automatisk.

      Men dessverre klarar eg ikkje finna denne plasmoiden nett no …

Legg att eit svar til Odin Hørthe Omdal / Velmont Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.