Eg skreiv i går om korleis ein kan høra på NRK-radio over Internett med god lydkvalitet, takka vera Høgskolen i Østfold. Men det er ikkje alltid ein har tid til å høra programma når dei blir sendt. Det hadde vore fint å kunna lasta dei ned, og lagra dei for seinare bruk.
Sjølv har eg laga meg eit sinnrikt system som hentar ned og lagrar dei faste favorittprogramma mine automatisk når dei går, sånn at eg kan høra dei når det passar meg. Interessante program arkiverer for å ta vare på dei for ettertida.
Og sjølv viss eg kan og vil høra programma samtidig som dei går, er denne ordninga praktisk. Då kan eg pausa sendingane viss eg for eksempel skal henta meg litt vatn. Dette gjer eg ved å høra fila som blir lasta ned (samtidig som ho blir det), i staden for å høra på sendinga direkte.
Jeg tenkte her i dag at jeg kunne trenge å ta opp fra radio mens jeg skulle være ute, og da kom jeg på det du hadde skrevet her.
Så jeg lasta ned Streamripper, men jeg er rett og slett ikke istand til å finne ut hvordan man setter den til å automatisk ta opp noe på et bestemt tidspunkt.
Hva har jeg oversett? 😉
Du treng eit eige program for å starta Streamripper automatisk. Kjører du Linux eller Unix kan du bruka
cron
. Kjører du Windows kan du bruka det utmerka gratisprogrammet nnCron LITE, som brukar akkurat same tekstbaserte filformat somcron
.Eg kan alltids skriva ein artikkel om nøyaktig korleis eg har ordna det, om det interesse for dette, men eg brukar eit par program til, og løysinga er veldig uelegant (sjølv om ho fungerer perfekt).
Jeg kjører nok Windows ja. Kjenner til
cron
fra Linux (en kjekk liten ting).Jeg kan jo alltids sette meg inn i det selv, liker jo ikke at andre må gjøre jobben for meg. Men jeg vil påstå at det kan være en artikkel av interesse for flere enn meg, så om du skulle få lyst til å lage noe slikt, hadde ikke det vært dumt.
Greitt; eg skal skriva ein artikkel om det. Men det blir minst ei veka til, då eg for tida ikkje er på mi vanlige datamaskin der dei aktuelle filene ligg.
Løysinga mi med lagring av Internett-radio er kanskje litt utdatert no, sidan NRK sjølv legg ut nedlastbare versjonar av radioprogramma sine, sokalla podkastar. Men ikkje alle programma er tilgjengelige som podkastar (for eksempel Radioteateret), so det kan vera greitt å ha eit alternativ som dette i bakhand likevel.