Sidan so mange har bytt utsjånad på bloggane sine i det siste, og eg ikkje var fornøgd med min gamle, har eg no gått over til ein grøn stil.
Men eg er ikkje fornøgd med denne heller …
Sidan so mange har bytt utsjånad på bloggane sine i det siste, og eg ikkje var fornøgd med min gamle, har eg no gått over til ein grøn stil.
Men eg er ikkje fornøgd med denne heller …
Jeg likte den gule stilen du hadde tidligere, men denne grønne er fin, den også. Kanskje litt unødvendig stor marg til høyre, og «logoen» i toppen er litt vel mørk, men ellers er det pent og oversiktelig.
Jeg synes denne er fin, selv om toppfeltet blir seende litt magert ut når en går inn på kommentarsida med Opera (bare huftis-logoen som er synlig).
Velkommen blant de grønne 🙂
Ja, Jorunn, dette skjer visst av og til i Opera, på alle sidene. Eg anar ikkje korfor, men det er iallfall ein feil med Opera, og ikkje med sidene.
Elles, Asbjørn, er eg klar over at logoen er litt mørk, men eg trur eg lar han vera som han er førebels. Men kva marg er det du siktar til?
Feilen ser ut til å vera fiksa i Opera 7.20-beta-eittelleranna.
Forøvrig finn eg det litt sært at vi (bloggarar) alle er så ekstremt interessert i stilsett, utsjånad og konfigurasjon, når det jo er innhaldet vi alle bør konstrere oss om …
Av kommentarane eg har fått til nye-bloggen min så langt, går mesteparten på utsjånad og stilsett (Fin blogg du har, osb …), og nesten ingen på innhaldet!
Er det form foran innhald som gjeld i blogge-verda?
Sant nok.
Men saken er jo at dei fleste av oss (inkludert underteikna), har fint lite peiling på grafisk design, og at all fiklinga med stadige redesign til meir eller mindre grelle farger iallefall ikkje er med på å auke fokuset på innhaldet …
Personleg synes eg iallefall det er veldig behageleg å kunne ta utgangspunkt i eit predefinert, profesjonelt designa stilsett, gjere nokre små tilpasningar for lesbarheit, og så sleppe å tenke meir på den saka ;-)
(Kunne ikkje dy meg for å kaste ut eit par strøtankar til, når eg først er inne på temaet.)
Bok-analogien er forsåvidt riktig, men kor mange forfattarar er (eller bør vere) involvert i valg av skriftsnitt og papirtype? Sjølv er eg svært usikker på om bøkene hadde blitt betre t.d. Dag Solstad skulle designe forsida si og sette sidemalen for bøkene sine sjølv … Nokre forfattarar har sikkert kvalifiserte synspunkt på formuttrykket, men min påstand at majoriteten av forfattarar bør overlate denne biten til andre som kan det!
Forøvrig er denne debatten ein klar parallell til den typiske erfaringa eg har gjort meg som informasjonsarkitekt når vi viser konseptskisser til kunder: Dersom vi har lagt design på skissene, henger kundane seg utelukkande opp i (ukvalifisert) synsing om design («Men gult er jo fint!», «Kva med å flytte logoen to pixler til venstre?», osb.). Dette heller enn å fokusere på innhaldet, navigasjonen, og kva ein faktisk ønsker å formidle til kven og kvifor.
Ja, estetikk og design er viktig for den totale brukaropplevinga, men dei fleste av oss kan langt meir om innhaldet og bør difor i større grad flytte fokuset vårt hit.
Sant nok. Ulempen er imidlertid at det lett fører til standardisering av bloggutseendet. F.eks. er det sjelden vanskelig å gjenkjenne blogger laget med MT (som har standardmaler av diskutabel kvalitet). Skal man først bli litt inspirert er for øvrig http://www.csszengarden.com/ et must.
Ikke nødvendigvis. Det kan tenkes at dine lesere simpelthen vet at det er en sammenheng mellom form og innhold når tekst skal presenteres (jamfør betydningen av god design i bøker, tidsskrifter m.m.) At en vevside er estetisk tiltalende er nå ingen uting under alle omstendigheter, spør du meg. :-)
Og for å trekke bokanalogien enda litt videre: det hadde vært ubeskrivelig kjedelig om alle bok- eller CD-omslag hadde vært like! Det samme gjelder for blogger. Også enig med Erik om at MT-malene er av diskutabel kvalitet.
I tillegg til å være en «ny» form for publisering er også blogger en ny trend innenfor private hjemmesider, og derfor vil mange som i utgangspunktet er interessert i webutvikling begynne med det. Motivasjonen for å ha en blogg kan derfor like mye være å fikle med maler og presentasjon (form) som det er å skrive (innhold).
Akkurat dét var i alle fall en stor grunn til at jeg først startet en blogg :)
For dei som måtte lura på korleis bloggen såg ut når han var grøn: Arkivversjonen er tilgjengelig på Internett-arkivet. Men merk at denne ikkje er heilt identisk, då bakgrunnsteksturen manglar.