Karl Ove Hufthammer

Litt om form og innhald

2. september 2003 (oppdatert 4. juni 2009)

Are Halland skriv i ein kommentar som har ført til ein viss debatt:

Forøvrig finn eg det litt sært at vi (bloggarar) alle er så ekstremt interessert i stilsett, utsjånad og konfigurasjon, når det jo er innhaldet vi alle bør konstrere oss om …

Her er mitt svar. Det er snakk om mange overlappande saker, so teksten blir nok litt fragmentarisk. Men eg skal gjera mitt beste for å vera strukturert og konsis. Ha òg i tankane at eg ikkje er so fryktelig ueinig som eg kanskje gjer inntrykk av.

Det er hovudsaklig to ting eg er ueinig i. Det eine er premisset om at berre innhaldet er viktig, mens forma og presentasjonen (her meint det visuelle) er, om ikkje uviktig, so iallfall lite viktig. Dette premisset godtar eg ikkje. Som fleire har påpeikt i seinare kommentarar er god grafisk utforming viktig både for formidlinga og brukaropplevinga.

Dette veit (gode!) grafiske designar og typografar so altfor godt. Eg er her freista til å skriva side opp og side nede om akkurat dette, men vil heller peika til den noko relevante artikkelen Emotion & Design: Attractive Things Work Better, av Don Norman (forfattar av The Design of Everyday Things, ei av mine favorittbøker, som burde vore obligatorisk lesing for alle). Forfattaren vil for øvrig komma ut med ei bok om emnet i begynnelsen av neste år.

Det andre er (det implisitte) premisset at bloggarar ikkje er opptatt av innhald. Ein finn rett nok mange eksempel på dette, òg blant vanlige heimesidesnekrarar, som lager sider både utan noko definert mål (og målgruppa), og utan ein faktisk grunn, utan å ha noko dei vil formidla (heimesider til verksemder ber for øvrig etter mi meining òg dessverre for ofte preg av dette).

Men dette er langt frå universelt, og dei bloggarane eg les er iallfall for det meste genuint opptatt av innhald, sjølv om dei ikkje nemner dette på same måte som dei nemner designendringar (det hadde uansett sett litt rart ut). At folk er opptatt av innhald, ser ein òg på dei tallause (men gode) «writing for the Web»-artiklane som stadig dukkar opp.

For øvrig er min grunn til å vera opptatt av stilsett, utsjånad, teknisk oppsett og sånt, at brukaren skal sleppa å tenka over dette – at ting skal fungera automatisk og «naturlig». Dette på same måte som skrifta og designet på ei bok (eller anna trykksak) først er vellykka når lesaren ikkje legg merke til ho i det heile tatt.

Vidare skriv Halland:

Bok-analogien er forsåvidt riktig, men kor mange forfattarar er (eller bør vere) involvert i valg av skriftsnitt og papirtype?

Her har han eit poeng. Ein einslig amatør-heimesidesnekarar eller -bloggar er sers dårlig stilt samanlikna med yrkessette forfattarar og journalistar. Ikkje berre må han skriva innhaldet sjølv, han må òg korrekturlesa det, laga design, publisera det, og retta opp eventuelt teknisk rusk i maskineriet. Alt dette er fagområde i seg sjølv!

Dette er eit problem, og eit me må leva me. Me må berre prøva å gjera det beste ut av det, og læra av eigne og (ikkje minst!) andre sine erfaringar.

Heilt til slutt vil eg ta eit lite avsnitt om terskelen for kommentering. Med lange, grundige, seriøse, artiklar, er det mykje større terskel for å komma med kommentarar. Ein må setta seg skikkelig inn i stoffet, og bruka tid på utforma ein god kommentar. Litt flåsete sagt: Jo kortare og «useriøse» innlegg er, jo lettare vil dei få kommentarar (dei vil ha «lågare kommentarterskel»). Men dette betyr ikkje at dei lange, grundige innlegga ikkje har sin plass i bloggar, eller ikkje vert sett pris på!

Emne: Blogging, Nettsideutvikling

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.