Karl Ove Hufthammer

Statens kartverk i Google Earth

I Google Earth kan me sjå ortofoto frå heile verda, og for enkelte område fly inn so nær at me kan sjå både bygningar, bilar og folk. Men utanom dei største byane i landet er gjerne kvaliteten dårlig, og sjølv store øyer kan framstå som uklare tåkedottar. Eit godt, men mykje mindre brukarvenlig, alternativ er Norge i bilder. Men me kan faktisk få offisielle kartdata med god oppløysing inn i Google Earth òg.

I slutten av 2009 gjorde Statens kartverk nokre av kartdataa deira litt tilgjengelig for privatpersonar, men med store avgrensingar i bruken. Men sjølve kartdataa er gode, og svært detaljerte. Her finn me både topografisk kart for heile landet, i ulike målestokkar, og eigedomskart der me kan sjå kvart hus, kvar hytte, ja til og med kvar utedo i landet, med gards- og bruksnummer. Og alt dette kan me bruka i Google Earth. Her er oppskrifta.

Først eit lite eksempel på korleis Google Earth viser ei øy ein plass i landet vårt:

Bur det folk her? Ikkje lett å sjå ut frå fotoet! Men det kan me lett ordna, takka vera Statens kartverk. Me går til menyen Legg til, og vel Bildeoverlegg:

I vindauget som dukkar vel me eit passande namn, vel fana Oppdater, og trykkjer på knappen WMS-parametere.

Trykk so Legg til, og skriv inn http://openwms.statkart.no/skwms1/wms.topo2?request=GetCapabilities&service=wms&version=1.1.1. Trykk OK, og flytt laget Topografisk norgeskart 2 over til lista Valgte lag til høgre:

Me OK-ar oss ut til kartet igjen. Det dukkar no opp eit nytt lag i sidestolpen til venstre. Når me slår på det laget, vert det automatisk lasta ned eit kart over området me er i. (Men ver obs på at me berre kan sjå på 300 kartutsnitt kvar dag. Dette er ein av dei lite hyggelige avgrensingane Kartverket legg på bruken.) Slik ser øya vår ut no:

Ja, det ser ut som der bur folk her; det finst iallfall ein veg. Kartet me valde er for øvrig eit kombinasjonskart, som viser landskapet, med fjell, elver og hav når me er «høgt» oppe, mens vegar og (store) bygningar dukkar opp når me kjem nærare:

Kjem me heilt nært, dukkar alle bygningar og faste konstruksjonar og byggverk opp, med detaljerte omriss:

Og går me heilt inn, kan me til og med sjå gards- og bruksnummer.

For nokre bygningar er eigedomskarta svært detaljerte, og viser både skorsteinar og takutforming. Sjå for eksempel på Johanneskirken i Bergen:

Nokre kommentarar til slutt. Me kan gjera kartlaget delvis gjennomsiktig ved å dra glidebrytaren i sidestolpen til venstre. Det kan då vera kjekt å samanlikna ortofotoa frå Google med kartdataa frå Statens kartverk. Der Google har høgoppløyselige foto er det svært godt samsvar – som det sjølvsagt bør vera!

Det finst òg fleire andre kartlag frå Statens kartverk som me kan leggja til, blant anna sjøkart og kart med djupnedata. Me kan ogso leggja alle kartlaga oppå kvarandre, og med forskjellig gjennomsikt for kvart lag.

Heilt til slutt nokre lenkjer til frie kartressursar, og diskusjonar rundt emnet:

2 kommentarar

  1. Tusen takk. Nyttar GE kvar dag, og har sakna dei topografiske karta eg har i Mapsource.

    Tenk på moglegheitene om Statens Kartverk faktisk gjorde dataene sine frie.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.