Karl Ove Hufthammer

FTP med sitecopy

Når du har di eiga nettsida, treng du vanligvis eit FTP-program for å lasta opp sidene. Det finst mange slike program, og det følgjer minst eit par med dei fleste operativsystem. Men felles for alle er at du må merkja eller skriva inn namna på filene du vil lasta opp. Med det programmet eg brukar, slepp eg faktisk det!

Når eg har oppdatert heimesida mi og skal lasta opp endringane, skriv eg berre:

sitecopy -oua

fer sitecopy gjennom alle filene på nettstaden, finn ut kven av dei som er endra, flytta eller sletta, og lastar opp, flyttar eller sletter desse på nettstaden – heilt automagisk.

sitecopy held ein lokal database over alle filene på nettstaden, med ein sjekksum for kvar fil. Når du ber programmet oppdatera nettstaden, går det gjennom alle filene i valt katalog og samanliknar sjekksummen (dette går kjempekjapt). Er sjekksummen forskjellig frå den i databasen, so er fila endra, og den nye versjonen vert lasta opp. (Du kan òg velja å samanlikna filene berre etter namn og dato, men då eg brukar automatisk genererte filer for sidene mine, er ikkje det aktuelt, sidan endringsdatoen vert oppdatert sjølv om innhaldet ikkje er det.)

Programmet inneheld òg fleire andre nyttige funksjonar eg ikkje vil gå nærare inn på her. Hovudsaka er at sitecopy har spart meg for so mykje tid og stress med 1) å finna ut kva filer som er oppdaterte, 2) merkja desse, og 3) lasta dei opp (spesielt tidkrevande og kjedelig viss filene er spreidde langt nede i mange forskjellige katalogar).

sitecopy er heilt gratis, og tilgjengelig for både Linux, Windows og andre operativsystem. Alt du treng finn du på heimesida til programmet.

Elles kan eg legga til at eg har omsett sitecopy til nynorsk, utan at eg er heilt fornøgd med resultatet. Forfattaren av programmet tenkte nok ikkje over at ikkje alle språk brukar same ordbøyingsmønster og setningskonstruksjonar som engelsk, og omsettinga kan derfor vera noko «ugrammatikalsk» til tider. Dette er det dessverre ingenting å gjera med.

3 kommentarar

    1. Både sitecopy og rsync har sine fordelar og ulemper. Med sitecopy ligg oversikta over filene på nettstaden lagra lokalt. Det kan derfor gå mykje raskare å oppdatera når det er få endringar, sidan ein ikkje treng kontrollera nokon filer på den eksterne maskina. Dette fungerer naturlig nok berre viss du lastar opp filer frå éi maskin, og alltid brukar sitecopy. sitecopy handterer òg endring av filnamn og flytting av filer veldig effektivt, og fungerer sjølv i dei tilfelle ein ikkje kan bruka rsync.

      I alle andre tilfelle er nok rsync å føretrekka. Eg har òg hatt nokre negative erfaringar med sitecopy i det siste, der fildatabasen vart fullstendig øydelagt (tom). Det ser ut til å kunna skje berre du avbryt programmet (for eksempel fordi det henger, fordi du mista nettsambandet). sitecopy har heller ikkje komme i ein ny versjon sidan 2008, mens rsync kjem i stadig nye versjonar, og verkar dønn solid.

      Merk at sitecopy-artikkelen var skrive i 2003. Då var Internett for mange heller tregt, og det var ein stor fordel med ein lokal fildatabase. No i 2011 vil eg vel seia rsync er eit betre val. rsync har jo òg mange fine funksjonar, og kan brukast til meir enn berre å lasta opp nettstadfiler.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.