I over ti år har eg vedlikehalde nettstaden Gratis kvalitetsdataspel, ei unik samling med spelomtalar av gode, gratis dataspel. Men no er det slutt, og nettstaden er lagt – nei, ikkje ned, men – i koma. Det passar derfor fint å reflektera litt over nokre tekniske moment med nettstaden.
Eg har no lagt ut versjon 2009-06-07 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Her er dei viktigaste endringane i denne versjonen.
Kva er fleirtal av ordet «forum» på nynorsk? Kva heiter «å late» i presens, preteritum og imperativ? Heiter det offisielt «ei appelsin», «ein appelsin» eller «eit appelsin»? Når du er ferdig med å lesa nokre bøker, er bøkene då «leste», eller er dei «lesne»? Tilsvarande, når du ein varm sommarkveld sit og nyt ei korg ferske jordbær, kva vil du seia jordbæra er etterpå? «Nytne»? «Nautne»? «Nøtne»? «Nytte»? Her er endelig løysinga: eit program for oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank.