Karl Ove Hufthammer

Ordbanken – norsk bøying på ein lett måte

Kva er fleirtal av ordet «forum» på nynorsk? Kva heiter «å late» i presens, preteritum og imperativ? Heiter det offisielt «ei appelsin», «ein appelsin» eller «eit appelsin»? Når du er ferdig med å lesa nokre bøker, er bøkene då «leste», eller er dei «lesne»? Tilsvarande, når du ein varm sommarkveld sit og nyt ei korg ferske jordbær, kva vil du seia jordbæra er etterpå? «Nytne»? «Nautne»? «Nøtne»? «Nytte»? Her er endelig løysinga: eit program for oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank.

Mandriva Linux 2009 Spring ute

Linux-distribusjonen Mandriva Linux er endelig ute i ny versjon, 100 % omsett til både nynorsk og bokmål, med mange nye forbetringar, og tusenvis av oppdaterte program. Og alt dette heilt gratis!

Automatisk nedlasting av dagens bilde

På Wikipedia og Wikimedia Commons kan me kvar dag lasta ned dagens bilde, som ofte eignar seg som flotte bakgrunnsbilde på skrivebordet. Eg har laga eit lite skript for automatisk nedlasting av desse bilda.