Linux-distribusjonen Mandriva Linux er endelig ute i ny versjon, 100 % omsett til både nynorsk og bokmål, med mange nye forbetringar, og tusenvis av oppdaterte program. Og alt dette heilt gratis!
I 1873 kom Ivar Aasen ut med Norsk Ordbog med dansk Forklaring, grunnlaget for det som seinare skulle verta nynorsk. Boka er tilgjengelig i elektronisk form på Aasentunet, i eit noko uhendig format (Microsoft Word). Men med nokre greie verktøy kan me gjera ho om til eit enkelt koda tekstformat, og med litt skripting få «Ivar Aasen rett i terminalen».
Eg har no lagt ut versjon 2009-08-10 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne gongen er det ikkje so mykje nytt, men nokre rettingar, endringar og nye funksjonar er det då.