Av og til har ein behov for å laga kart som viser korleis eit geografisk område er delt inn, basert på observasjonar i området. Denne artikkelen viset eit eksempel på korleis me
lett kan gjera dette automatisk. Ved av hjelp av frie verktøy og frie data lagar me eit postnummerkart basert på posisjonane til enkeltpostnummer.
Rundt år 2000 dukka bilspelet TuxKart opp, sterkt inspirert av Mario Kart. Det hadde kjip grafikk og var ikkje noko gøy å spela. Dei neste åra vart det forbetra, men det var framleis kjipt – kjipt men lovande. Til slutt stoppa utviklinga heilt opp. Men spelet var fri programvare, so andre kunne ta tak i det og utvikla det vidare. Og no, mange år seinare, har me endelig fått eit kjempegøy bilspel med flott grafikk og musikk, under namnet SuperTuxKart. Og i siste versjon har me det òg på nynorsk!
Eg har no lagt ut versjon 2010-05-11 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ikkje so mange endringar i sjølve programmet, men fleire i fullformsordlistene, og det var på tide å få ut ein ny versjon.