Eg har no lagt ut versjon 2018-07-05 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Den største nyheita er ein ny versjon av sjølve fullformsordlistene, med mange endringar – både nye ord, fjerna ord og rettingar av stavefeil og feilbøyingar. I programmet elles er det mange mindre rettingar og forbetringar.
Eg har no lagt ut versjon 2016-03-20 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne versjonen inneheld fleire nye funksjonar, blant anna eit nytt grafisk brukargrensesnitt.
Ei god innføringsbok i R vil mange ha glede av, og ei eksempelbasert bok høyrest ut som ein veldig god idé, med stort potensial. Dessverre utnyttar ikkje denne boka potensialet. Boka skryt av «interesting applications with real data» og eksempel som «reflect good statistical practice». Eg synest ingen av delane stemmer.