Karl Ove Hufthammer

Zep’s Dreamland

I dag la eg ut ein oppdatert omtale på nettstaden min Gratis kvalitetsdataspel. Spelet omtalt heiter Zep’s Dreamland, og er eit flott tenkespel.

Du spelar Zep, ein blå, liten fyr som er fanga i sitt eige drømmeland. Ved å bygga blokker gjennom 40 gradvis meir vanskelige brett skal du til slutt klara å sleppa fri. Spelet krev til dels kraftig hjernevriding, og er anbefalt på det varmaste for alle som likar ekte tenkespel.

2 kommentarar

  1. Eg er so glad for at du spurte om dette, Marius. Gratis kvalitetsdataspel er bygd opp på ein ganske kjekk, enkel og fleksibel måte:

    Kvar omtale ligg i mitt eigedefinerte XML-format. Dette inneheld litt metadata (tittel, forfattar, kategoriinfo, nedlastingslenkjer, bildebeskriving og sånt), samt sjølve omtaleteksten (med element som overskrift og avsnitt).
    I tillegg har eg ei lita fil med info for alle kategoriane (namn, kort beskriving og stikkord), samt filer for alle spesialsider (for tida er dette informasjonssida og feilmeldingssidene).

    Når eg legg til nye omtalar treng eg berre legga til éi ny fil (omtalefila). Eg kjører so eit lite skript som slår saman alle filene, og kjører dei gjennom eit XSLT-stilsett (med XSLT-prosessoren Saxon). Dette generer automatisk alle omtalesider, kategorisider, forsida, spesialsider, og eventuelle koplingar mellom desse – i XHTML-format. (Legg forresten merke til den omfattande head-delen av omtalane. Alt blir automatisk generert.)

    I tillegg blir det generert ei omtalefil i tekstformat (for sending som e-postnyheitsbrev), ei RSS-fil, og ei adressa-til-namn-fil for statistikken.

    Til slutt brukar eg sitecopy til automatisk å lasta opp (berre) dei nye og oppdaterte filene.

    Systemet er veldig kraftig, og lett å utvida for nye filer, format og funksjonar. For nokre dagar sidan bestemte eg meg for eksempel for å spegla alle spelfilene på http://nedlasting.gratis-kvalitetsdataspel.org/, i tilfelle dei forsvann (noko som skjer ofte, av ymse grunnar). Denne speglinga er førebels udokumentert, men kan vera greitt å veta om.

    Dette gjekk veldig greitt å ordna til. Første skreiv eg eit lite XSLT-stilsett som genererte eit skript som brukte wget til å lasta ned alle filene. Dette tok rundt eit minutt (å skriva altso, nedlastinga var på nærare 300 MiB, og tok noko lengre tid).

    So brukte eg nokre minutt på å skriva eit XSLT-stilsett som generer ei lista over filene, med beskriving, i eit format vevtenaren Apache forstår. Denne blir brukt direkte i fillista.

    Som du forstår, har eg blitt veldig glad i XSLT. Det er nesten som magi når ein skriv nokre få linjer, og får ut flott, garantert velforma, finformatert XHTML (eller annan XML, eller tekst). Eg er kjempefornøgd med korleis systemet fungerer.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.