Karl Ove Hufthammer

Songfretting

Etter inspirasjon, og på oppfordring frå Marias stadig meir populære «Pop quizzz» [som ikkje lenger ligg på nettet] kjem no ei prestisjefull lita songfretting i denne bloggen òg.

Delar av tre norske songtekstar er omsett til engelsk. Du skal finna tittel og (obs!) komponist. Omsettingane er med vilje noko direkte og lite kunstnarisk bra.

Premie: I utgangspunktet berre hederlig omtale. Men om du klarar alle tre får du eitt bonuspoeng! ☺

Skriv svar (på éin eller fleire av tekstane) som kommentar til dette innlegget. Songane er omtrent i stigane vanskegrad. Og me er i gong med første song!

Does he want more than that
double hamburger?

No blir det hakket vanskeligare – og meir «våvet»‽

And then you went in and stripped off your dress,
washed your hands, your neck and cheek …

Og til slutt:

And he who gets lost in his own soul,
God help him!

Oi, oi! Dette er ikkje lett. Men dersom nokre av desse er for vanskelige, kan eg nok avsløra nokre tekstlinjer til.

11 kommentarar

  1. Song nummer to er Å, den som var ein løvetann med tekst av Alf Prøysen. Kanskje det er Alf Cranner som har laga melodien?

  2. Det er heilt rett, Olaug. Grattis!

    Og eg som trudde eg hadde vore so smart her, og trekt ut ei tekstlinja som var vanskelig å setta i samanheng med songen/diktet. Den nyaste innspelinga til Alf Cranner av denne melodien er forresten berre heilt nydelig. Anbefalt! Og Alf Cranner er vekas P2-artist no, og er å høra i halvtimes program kvar kvardag klokka 9:30 om morgonen, eller i nedlastbare MP3-opptak (berre tilgjengelig eit par veker).

  3. Gratulerar, Lasse! Det var heilt rett.
    Og den norske teksten er:

    Vil han ha mer enn den
    doble hamburgeren?

    Eg klarar ikkje heilt å bestemma meg for om dette er eit genialt eller eit forferdelig rim. Men eg heller mot det første.
    Elles tvilar eg på nokon klarar siste song, so eg vel å utvida tekstutdraget litt:

    The stars so red are twinkling,
    and the sorrow has no shame.
    And he who gets lost in his own soul,
    God help him!

    Denne skulle vera mulig å ta!

  4. Det viser seg at eg ikkje er så høg i hatten når eg må gjette sjølv.

  5. Det stemmer, Lasse. Gratulerer! Den norske teksten er:

    Der flakker så røde stjerner,
    og sorgen har ingen skam.
    Og den, som går vild i sin egen sjæl,
    Gud hjelpe ham!

    Eg må innrømma at eg ikkje forstår teksten eller symbolikken i denne. Kom gjerne med oppklaringar. Men eg synest uansett det hørest fryktelig skummelt ut å gå seg vill i si eiga sjel. Huff!
    Elles har Sinding komponert mange gode melodiar til tekstar av fleire nordiske og tyske diktarar, som er vel verdt å lytta til.

Legg att eit svar til Lasse Marøen Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.