Karl Ove Hufthammer

Oy

For dei som ikkje bur i nærleiken av ein Oy-butikk skal eg fortella litt om kva dette går ut på.

Oy er ein sokalla «ekstrem lågpris»-dagligvarekjede, og er på den måten ei slags vidareføring av Rema og Rimi og andre lågprisbutikkar. Noko av det som gjer Oy billigare, er det sterkt avgrensa vareutvalet. Her finst berre dei mest vanlige varetypane.

I tillegg finst kvar varetype berre i billigaste variant. Ein finn ein altso ingen økologiske egg eller reingjeringsmiddel med svanemerke (med mindre desse tilfeldigvis er billigast, noko som er lite sannsynlig). Butikken har òg ein del «alternative» merke, som billig brus frå Brænne Mineralvatn (kr. 7,90 pluss pant for 1,5 liter brus!).

Men det som skil Oy mest frå andre butikkar, og som er det mest interessante, er det heilt sjølvbetente kassasystemet. Du held strekkoden på varene opp framføre ein strekkodelesar, og legg dei so på eit rulleband som fraktar dei til, vel, slutten av rullebandet, der du kan pakka dei i posar. Du betalar so direkte med kort, eller kan ta med deg kvitteringa bort til ein betent (!) kasse og betala kontant.

Det er fleire ting eg ikkje har serlig sans for med Oy og liknande ekstremprisbutikkar, men sjølvbetent kasse er ein skikkelig god idé – ein eg gjerne skulle sett tatt i bruk fleire plassar.

Til slutt: Oy reklamerer sjølv med «forbausande låge prisar», og det store spørmålet er då om dei er noko billigare enn andre dagligvarebutikkar. Eg har ikkje gjort noko systematisk samanlikning sjølv, men ifølgje ein test i Bergens Tidende [som ikkje lenger ligg på nett] so er dei faktisk det.

5 kommentarar

  1. Et slikt system så jeg i en dagligvarebutikk i Antwerpen for noen år siden, og så vidt jeg forstod så hadde systemet gitt butikkene en netto inntektsøkning. Dette var i en gigantisk dagligvarebutikk, med godt vareutvalg. Likevel klarte de seg med 4–5 kasser uten at det var nevneverdig kø.

  2. Ja, det er ingen tvil om at sjølvbetente kassar vil fungera minst like godt i butikkar med stor utval (og høgare prisar). Eg reknar med me vil sjå meir av dette i framtida.

    Elles ser eg at du skriv «inntektsøkning». Meiner du her høgare fortenesta eller faktisk òg ei auka i inntekter?

  3. Er ein fødd og oppvaksen på Sunnmøre, så er Brænne Mineralvatn (eit selskap frå Volda nyttar sjølvsagt nynorsk) eit like alternativt merke som Hansa i Bergen. 😉 Har forøvrig 5 liter Brænne-brus som eg fekk med meg heimanfrå tidlegare i sommar. Men no er dei altså å finne i Oy? Får håpe dei tek inn safta til Brænne òg …

  4. Oy vart ganske kjapt lagt ned. Eg saknar Oy! Ikkje akkurat det dårlige vareutvalet (det har eg nok av i nærbutikkane mine), men dei sjølvbetente kassane. Det må då vera pengar å spara på sånt‽

    Elles er jo måten varekjøp fungerer på i dagligvarebutikkar fryktelig ineffektiv:

    1. Kunden legg varene i korga.
    2. Kunden tar varene ut av korga, og legg dei på samlebandet.
    3. Ekspeditøren tar varene av samlebandet og skannar dei.
    4. Ekspeditøren legg varene ned på samlebandet.
    5. Kunden plukkar varene opp, og legg dei så ned i ein pose.

    Dette er altfor mange unødvendige steg, og ein burde rekna med at me i 2009 var komne lenger!

    Vel, i den næraste innvandrarbutikken min har dei faktisk det. Her tar kassadama (ja, det er alltid ei ho) opp varene, skannar dei, og legg dei direkte i posar – raskt og effektivt! Ei veldig bra handleoppleving, som kjedebutikkane ikkje er i nærleiken å matcha.

    Elles er det mange år sidan me vart førespegla ei framtid der kundane skanna varene sjølv når dei valde dei ut, for so å gå rett til kassen og betala (gjerne med kort). Korfor er ikkje framtida her enno?

    Og no når eg har høvet til klaga – kva er det med dei hjernedaude myntmottaksmaskinene (CashGuard) butikkane brukar? Her må ein putta på éin og éin mynt, og vera nøye med å plassera han rett veg i sprekken. Og viss ein prøver å vera litt rask, spyttar maskina mynten ut att. Ja, ein venta eit lite sekund mellom kvar mynt. Og ofte godtar ikkje maskina mynten på første forsøk likevel. Dette er ikkje imponerande ingeniørkunst!

    Eg hugsar når eg var bitteliten, og kom med sparegrisen til banken. Der berre tømte dei alle myntane i ei flott maskin, som sorterte myntante, filtrerte ut utanlandske myntar, og talde til slutt opp kor mykje pengar eg hadde med. Det var fryktelig imponerande for ein liten gutekvalp!

    Dette var mange år sidan. Hadde CashGuard-maskinene fungert slik, der me berre kunna tømma lommeboka vår i ei skål, og CashGuard gjorde resten, hadde det vore kjekt å betala med myntar. Men dei CashGuard-maskinene som finst gjer at det tar lengre tid å betala med myntar enn viss maskinene ikkje var der! Maskiner bør gjera ting raskare og lettare, ikkje tregare og meir frustrerande!

    Kort oppsummert: Varebetaling ikkje blitt raskare og lettare og greiare dei siste åra, tvert imot. Det var ikkje slik eg hadde sett for meg framtida! 🙁

Legg att eit svar til Karl Ove Hufthammer Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.