Lenkjesjekking
27. april 2003 (oppdatert 21. mai 2009)
Når ein utviklar nettsider, må (eller iallfall bør) ein dessverre bruka noko tid og krefter på å sjekka at alle lenkjene ein har lagt ut framleis fungerer. Svært ofte gjer dei ikkje det. Sider flyttar og dør, og dei gamle adressene sluttar å fungera. (Dette er for øvrig heilt unødvendig, noko eg har skrive om før, i ein artikkel om lenkjeròte og vidaresending.)
For å sjå etter utdaterte lenkjer, finst det mange lenkjesjekkingsprogram – av varierande kvalitet og prisklasse. Det beste eg har funne er Windows-programmet Xenu’s Link Sleuth, som er heilt gratis.
Du treng berre oppgje rotadressa, og so susar Xenu’s Link Sleuth gjennom sidene og sjekkar alle lenkjer, bilde, stilsett og liknande. Og «susar» er verkelig ordet. Programmet brukar nemlig ein fleirtrådsmekanisme til å sjekka fleire lenkjer samtidig (opptil 100), og er derfor ekstremt kjapt.
Når programmet er ferdig (eller når som helst), kan du velja å få opp ein oversiktlig rapport over alle dei brotne lenkjene. Rapporten viser viser òg ei liste over vidaresendte lenkjer, slik at du kan oppdatera desse, samt ymse anna info.
Eit lenkjesjekkingsprogram er heilt nødvendig å ha, og eg anbefaler dette på det varmaste.
Emne: Nettsideutvikling, Programvare
Kommentarar
-
-
[…] godt og kjapt lenkjesjekkingsprogram er supert å […]
-
Takk for tipset om Xenu’s Link Sleuth. Jeg har lenge brukt Linklint, men kanskje XLS er bedre? Jeg har også vurdert å skrive om Tulip Chain så det ikke er ODP-spesifikt, men jeg har rett og slett ikke hatt tid.
-
Eg kjenner godt til Linklint, og har brukt det på nettsidene mine sjølv. Programmet er supert, og er spesielt nyttig å kjøra som bakgrunnsprosess for å sjekka alle lenkjene for eksempel kvar natt. Linklint sjekkar òg anker på sider, noko ikkje Xenu gjer.
Fordelen med Xenu’s Link Sleuth er at det er veldig raskt, veldig lett å komma i gang med, og å bruka, og at rapporten viser alt på éi sida. I tillegg vert programmet vedlikehalde, og har vore det i over ti år, med nye versjonar av og til (rundt éin eller to i året).
Det negative er at programmet er eit Windows-program (men det fungerer utmerka i Wine), og at det ikkje er fri programvare. To store minus for meg!
Linklint er fri programvare, og fungerer på alle plattformer som har Perl. Men det har ikkje komme nokon nye versjon sidan 2001. Og ankersjekkinga har ein liten feil, som eg tipsa utviklarane om for mange år sidan. Dei sende meg då ei retting (med det som skulle verta neste versjon, versjon 2.3.6), men denne har aldri blitt offisielt utgjeven. Men heimesida lever framleis, og domenet vart fornya i fjor, so prosjektet er iallfall ikkje heilt dødt.
Oppsummert: Programma er gode på kvar sine måtar. For interaktiv bruk er Xenu det beste valet, og for automatisk og regelmessig sjekking for litt meir avanserte brukarar er Linklint det beste.