Karl Ove Hufthammer

Korleis Linux kan sjå ut

Eg har inntrykk av at mange trur at operativsystemet Linux er so lite brukarvenlig, so mykje vanskeligare å bruka enn Windows, og at ein må gjera det meste frå kommandolinja (tekstmodus). Dette er langt frå sanninga! Faktisk er ein av hovudgrunnane til at eg likar Linux so godt det vakre, brukarvenlige grensesnittet me får gjennom skrivebordsmiljøet KDE.

Eg reknar med grunnen til at mange har fått dette inntrykket, er at dei ikkje har sett nyare Linux i bruk, eller berre sett bilde frå maskiner hardbarka «hackarar», som likar kommandolinja.

For å bøta på dette, her er eitt bilde av korleis Linux ser ut hos meg ein vanlig dag (men eg har vanlegvis mange fleire program opne, på virtuelle skrivebord). Trykk på småbildet for å sjå heile. (Åtvaring: tar lang tid å lasta ned med seint samband!)

Det er verdt å merka seg programmet nedst til høgre. Dette er Clue, ei genial ordbok, som berre finst i Windows-versjon. I Linux kan du nemlig fint kjøra mange Windows-program òg, gjennom programmet Wine.

Men dette er vanligvis ikkje nødvendig. Med ein vanlig distribusjon følgjer det tusenvis av program, veldig mange omsett til norsk, som alle er ekstremt enkle å installera, avinstallera og å helda oppdaterte. Eg brukar distribusjonen Mandrakelinux, som passar utmerka for nybegynnarar.

13 kommentarar

  1. KDE 3.2 er vakkert, utvilsomt. Har holdt meg KDE i en årrekke nå, men eksperimenterer for tiden med Gnome/Bluecurve 2.6 – syns det er begynt å bli uhyre snasent. Det skiller seg på mange måter sterkt fra KDE – ikke minst etter de siste endringene i Nautilus. Den relle valgfriheten av grensesnitt er noe av det beste ved Linux. Ellers er jeg svært fornøyd med kjerne 2.6. Programmene kjører merkbart raskere nå, og selv på en bærbar med 256 MB minne kan Gnome/KDE kjøre OpenOffice uten at man behøver å gå seg en tur mens programmene starter opp.

  2. Kan tenkes at Looking Glass blir interessant, men for egen del mistenker jeg at det blir for mye dill med vinduer og applikasjoner som skal virvle rundt. (Mistenker også at det hele blir temmelig ressurskrevende, men det er en annen sak). Hadde jeg virkelig vært sugen på såpass mye øyesnop, hadde jeg nok gått for en OS X-maskin.
    Forøvrig er endringene som er gjort i Gnome fundert i et interessant syn på informasjonsnavigasjon og -arkitektur. Jeg holder for tiden på med å finne ut om objektorientert (romlig) navigasjon – jamfør f.eks. http://www.bytebot.net/geekdocs/spatial-nautilus.html – er tingen for meg. Etter å ha navigert med filtrær i ti år, er overgangen stor. Juryen er mao ute fremdeles. 😉

  3. Tidligare forsøk på 3D-grensesnitt har for det meste gått ut på at ikon og liknande svevar fritt i ei 3D-verd. Dette gjer ting ikkje meir oversiktlig, og ikkje lettare eller meir effektiv å bruka – tvert imot. Kort sagt, ein dårlig idé.

    Men Looking Glass går ein i ei anna retning. I staden for å ei fri 3D-verd, har du det vanlige 2D-innsynet, men med ekte djupn og perspektiv. Det er eigentlig dette som er etterlikna i vanlige brukargrensesnitt, når du hentar program til «forgrunnen» og sender andre til «bakgrunnen». Men med Looking Glass blir vindauge «fysisk» sendt i for- og bakgrunnen, noko som er meir naturlig å forholda seg til.

    Sjå denne e-posten på ei av KDE-listene for ei oversikt over noko av det Looking Glass kan gjera. Elles har òg Sun ein gammal filmdemonstrasjon av prosjektet.

  4. Tjatja, tiden vil vise om brukerne virkelig vil oppleve grensesnittet som lettere å forholde seg til. Vi nerder er i så måte lite representative, med våre bombastiske synspunkter på hva brukerne trenger. Og aller først vil jeg nå gjerne se et brukbart, lett installertbart produkt. Enn så lenge er det mye damp…

  5. Takk for tipset, Asbjørn. Eg vart ikkje imponert av Sphere XP, men det er uansett positivt at folk eksperimenterer med brukargrensesnitt. Av og til dukkar det opp nye, geniale saker av sånt, som gjer handlingar mykje (eller berre litt) lettare og raskare.
    Min siste favoritt her er «søkjelinja», som ein blant anna finn i bokmerkevindauget til Mozilla (og i stadig fleire program). So praktisk!

  6. Jeg synes Sphere XP ser ut som en bra idé, men hvor godt det fungerer i praksis, vet jeg ikke. Det kunne vært morsomt å prøve, om jeg bare er sikker på at jeg ikke knuser Windows-innstallasjonen min av det. 🙂

  7. Nei, det er berre eit bittelite program, som du kan starta og lukka som du vil. Men som sagt, eg vart ikkje imponert. Det gjer ikkje Windows enklare eller meir effektivt å bruka.

Legg att eit svar til Eirik Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.