Are Halland skriv i ein kommentar som har ført til ein viss debatt:
Forøvrig finn eg det litt sært at vi (bloggarar) alle er så ekstremt interessert i stilsett, utsjånad og konfigurasjon, når det jo er innhaldet vi alle bør konstrere oss om …
Her er mitt svar. Det er snakk om mange overlappande saker, so teksten blir nok litt fragmentarisk. Men eg skal gjera mitt beste for å vera strukturert og konsis. Ha òg i tankane at eg ikkje er so fryktelig ueinig som eg kanskje gjer inntrykk av.
Det er hovudsaklig to ting eg er ueinig i. Det eine er premisset om at berre innhaldet er viktig, mens forma og presentasjonen (her meint det visuelle) er, om ikkje uviktig, so iallfall lite viktig. Dette premisset godtar eg ikkje. Som fleire har påpeikt i seinare kommentarar er god grafisk utforming viktig både for formidlinga og brukaropplevinga.
Dette veit (gode!) grafiske designar og typografar so altfor godt. Eg er her freista til å skriva side opp og side nede om akkurat dette, men vil heller peika til den noko relevante artikkelen Emotion & Design: Attractive Things Work Better, av Don Norman (forfattar av The Design of Everyday Things, ei av mine favorittbøker, som burde vore obligatorisk lesing for alle). Forfattaren vil for øvrig komma ut med ei bok om emnet i begynnelsen av neste år.
Det andre er (det implisitte) premisset at bloggarar ikkje er opptatt av innhald. Ein finn rett nok mange eksempel på dette, òg blant vanlige heimesidesnekrarar, som lager sider både utan noko definert mål (og målgruppa), og utan ein faktisk grunn, utan å ha noko dei vil formidla (heimesider til verksemder ber for øvrig etter mi meining òg dessverre for ofte preg av dette).
Men dette er langt frå universelt, og dei bloggarane eg les er iallfall for det meste genuint opptatt av innhald, sjølv om dei ikkje nemner dette på same måte som dei nemner designendringar (det hadde uansett sett litt rart ut). At folk er opptatt av innhald, ser ein òg på dei tallause (men gode) «writing for the Web»-artiklane som stadig dukkar opp.
For øvrig er min grunn til å vera opptatt av stilsett, utsjånad, teknisk oppsett og sånt, at brukaren skal sleppa å tenka over dette – at ting skal fungera automatisk og «naturlig». Dette på same måte som skrifta og designet på ei bok (eller anna trykksak) først er vellykka når lesaren ikkje legg merke til ho i det heile tatt.
Vidare skriv Halland:
Bok-analogien er forsåvidt riktig, men kor mange forfattarar er (eller bør vere) involvert i valg av skriftsnitt og papirtype?
Her har han eit poeng. Ein einslig amatør-heimesidesnekarar eller -bloggar er sers dårlig stilt samanlikna med yrkessette forfattarar og journalistar. Ikkje berre må han skriva innhaldet sjølv, han må òg korrekturlesa det, laga design, publisera det, og retta opp eventuelt teknisk rusk i maskineriet. Alt dette er fagområde i seg sjølv!
Dette er eit problem, og eit me må leva me. Me må berre prøva å gjera det beste ut av det, og læra av eigne og (ikkje minst!) andre sine erfaringar.
Heilt til slutt vil eg ta eit lite avsnitt om terskelen for kommentering. Med lange, grundige, seriøse, artiklar, er det mykje større terskel for å komma med kommentarar. Ein må setta seg skikkelig inn i stoffet, og bruka tid på utforma ein god kommentar. Litt flåsete sagt: Jo kortare og «useriøse» innlegg er, jo lettare vil dei få kommentarar (dei vil ha «lågare kommentarterskel»). Men dette betyr ikkje at dei lange, grundige innlegga ikkje har sin plass i bloggar, eller ikkje vert sett pris på!
Enig.
Jeg er helt enig med deg, Karl Ove. Poenget er bare å få folk til å forstå at det ikke er noen motsetning med å levere godt innhold og godt design. Ved å følge vedtatte og godt utprøvde standarder som XHTML og CSS, samtidig som man følger semantiske retningslinjer, får man alt – på en gang.
Å få folk til å forstå at validerende HTML ikke er det motsatte av pene websider er vanskelig. Svært vanskelig. Å få dem til å forstå at semantisk korrekte websider heller ikke er det, er enda vanskeligere. At CSS kan erstatte er det nesten ingen som skjønner, godtar eller vet.
Å undervise og informere om akkurat dette føler jeg er svært viktig å gjøre for alle som kjenner teknikkene og har erfaring på området. Jo fler vi er som tenner gresset, jo fortere vil brannen spre seg, og resultatet vil bli at vi får et WWW som mange fler kan få utbytte av, på utrolig mange flere måter enn i dag.
Jeg er absolutt en amatør, men da jeg begynte å bruke CSS, var det en ny verden for meg. Jeg synes sidene mine ble finere, samtidig som vedlikeholdet ble mye enklere. For tiden har jeg for mange stilsett, men etter hvert som jeg finner frem til en akseptabel stil, vil jeg bruke færre. Å eksperimentere med CSS, har tilført hjemmesidesnekringen en ny «dimensjon». Her skylder jeg både Hufthammer og Ulsberg en stor takk, som herved er overbrakt.
Joda – men på den annen side; en bokforfatter er gjerne opptatt av antall ord – det er noe vi webskribenter ikke trenger å bekymre oss om.
Det er også et poeng at webben består av mer eller mindre vellykkede sider med mer eller mindre vellykket innhold. Bloggene våre, eller i alle fall min, skal ikke være «korrekt». Nå legger jeg riktignok litt arbeid i å kode den riktig, men det er ikke alltid jeg lykkes med det, heller.
Bloggen min er nettopp det – min. Og det at ingen redaktør har godkjent den, og ingen typograf har sørget for at det er så leselig som mulig – det er litt av verdien med bloggen, det.
For egentlig – hvis jeg skal være helt ærlig – så er egentlig målgruppa mi først og fremst meg selv …
Meir om form og innhald
Form og funksjon må gå hand i hand, men for bloggar meiner eg at innhaldet trass alt er det viktigaste.
Lasse G. Dahl skreiv:
Jo, absolutt. Å skriva for langt er nemnt som ein av dei sju nettsideskrivingsdødsyndene, og problemet er nemnt i omtrent alle «writing for the Web»-artiklar.
Nja, litt av verdien med bloggar er at dei er skrivne av uavhengige personar som kan skriva kva dei vil. Men eg vil ikkje seia at noko av verdien er at det er ingen typograf som kvalitetssikrar det heile; det er tvert imot ein av svakheitene med bloggar.
For øvrig. Når du har full friheit (innan lovens grenser) til å skriva kva du vil, har du etter mi meining dermed samtidig eit (sjølvpålagt) ansvar for at det du skriv er «godt» (med vilje ikkje nærare spesifisert).
Er ikkje heilt sikkert på korleis eg skal tolka dette, men eg tvilar på at du meiner det bokstavlig. Det er vel heller det at målgruppa er personar som liknar på deg (det vil seia, har same interesser som deg)? Og det synest isofall eg er heilt greitt.
Sjekk også dette innlegget om samme sak.
PS! Hyggeleg om du set opp ein TrackBack, Karl Ove, har forsøkt å pinge deg …
Jo, TrackBack er implementert og mottatt (tre gongar), men som nemnt publiserer eg ikkje TrackBack på sidene.
Lasse G. Dahl skreiv:
Karl Ove Hufthammer svarte:
Joda – jeg sa ikke noe om at man ikke måtte skrive for langt, det jeg mente er at en roman, novelle, artikkel eller hva som helst på papir stiller visse krav til en forfatter utover innholdet, selv om haun slipper å bekymre seg om CSS.
Vel, det jeg mener med dette, er at bloggen min egentlig er en egotripp – den er ikke skrevet for å nå en bestemt målgruppe, egentlig. Den bærer mye mer preg av å være en dagbok enn en nyhetstjeneste.