Karl Ove Hufthammer

Tux Paint på nynorsk

29. april 2007 (oppdatert 18. mai 2009)

Tux Paint er eit gratis, norsk teikneprogram for dei yngste. Det har eit veldig enkelt og lettbrukt brukargrensesnitt, men har òg mange flotte og artige funksjonar.

Det finst få nynorske barnespel og barneprogram, men her er endelig eit. (Og ja, det finst òg tilgjengelig på bokmål.) Det er eit teikneprogram, spesielt utvikla for dei yngste. Derfor er det veldig lett å bruka (sjølv far kan klara det!), men samtidig kraftig. Du kan rett og slett laga skikkelig fine teikningar med det!

Her er nokre av funksjonane du finn i Tux Paint:

Sistnemnte punkt krev ein liten kommentar. Med «stempel» meiner eg små ferdiglaga figurar du kan stempla teikningane dine med. Det følgjer med (i ein eigen pakke) godt over 100 slike teikningar, av alt frå eple og bananer til tekanner og pingvinar. Dette er noko av det kjekkaste i heile programmet.

Du finn meir informasjon, samt nedlastingslenkjer på heimesida til Tux Paint.

[Bilde frå programmet Tux Paint, med ei landskapsteikning. 52,65 KiB PNG.] [Bilde frå programmet Tux Paint, med ei skummel teikning. 41,29 KiB PNG.] [Bilde frå programmet Tux Paint, med ei glad teikning. 41,70 KiB PNG.]

Emne: Programvare

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.