Karl Ove Hufthammer

Realfaglige referanseark

I tilfelle det er andre som er so uheldig og skal ha eksamen i eit eller anna realfag (matematikk, statstistikk, fysikk, kjemi, programmering eller liknande) i næraste framtid, tenkte eg eg skulle tipsa om ein flott nettstad med referanseark for desse faga.

Arka inneheld greie oversikter over både formlar, viktige teorem og eksempel på framgangsmåtar for løysing av ymse problem. Nokre av arka er òg nyttige for alle som brukar høgare matematikk (uavhengig av fag), eksempelvis integraltabellane og oversikta over trigonmetriske identitetar.

Merk at eindel emne har mange fleire ark enn dei som er tilgjengelig direkte frå framsida. Sjå inni dei eigne arkkatalogane for desse.

Av ein eller annan grunn har dei færraste læreboker slike oversiktlige samandrag av dei meste sentrale faktaa, formlane og framgangsmåtane stoffet dekker. Dette er svært uheldig. Trulig ville det gjort både bøkene og eksamensresultata mykje betre. Dårlige lærebøker er for øvrig ein av kjepphestane mine.

Om bildet: Eg tenkte nesten eg måtte ha eit matematisk bilde som illustrasjon her, og dette var det mest nærliggande. Bildet viser eit sokalla Koch-snøflak, som er ei uendelig lang, kontinuerlig kurva som ikkje er deriverbar i noko punkt! Eg har handprogrammert bildet sjølv i PostScript, for å skryta litt. ☺

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.