Karl Ove Hufthammer

Mandriva Linux 2009 Spring ute

29. april 2009

Linux-distribusjonen Mandriva Linux er no ute i ny versjon, Mandriva Linux 2009 Spring. Sjå den offisielle heimesida for ei oversikt over alt som er nytt, samt anna informasjon om denne versjonen.

Distroen er i likheit med førre versjon 100 % omsett til nynorsk (og bokmål) (gjeld alle Mandriva-spesifikke programma, men ikkje pakkeskildringane). Mandriva Linux er den Linux-distroen med best nynorskstøtta! Og finn du ein skrivefeil eller noko som kan forbetrast i omsettinga, er det berre å ta kontakt med meg, so skal eg retta det før du får sagt kaka.

Ein annan flott ting som skil Mandriva frå andre distroar, er det fine grafiske kontrollsenteret, der du har enkel tilgang til alle systeminnstillingane:

Og mens du med for eksempel Windows må betala fleire tusenlappar, og for dette berre får eit reint operativsystem, med knapt nokon program (minesveipar, kabal og litt til), får du Mandriva Linux heilt gratis, og tusenvis av medfølgjande program, alt i frå teksthandsaming til spel, inkludert mange barnespel og pedagogiske program, og veldig mange av dei på (ny)norsk. Det er for øvrig kjempelett å installera nye program (spesielt samanlikna med Windows). Og ja, du får òg minesveipar og kabal (med flott grafikk, og mange kjekke kabalvariantar) – og til og med eit tekokeprogram, som iallfall eg har hatt stor nytte av!

Elles, viss du ønskjer One-utgåva, er det viktig å vera klar over at denne kjem i fleire språkversjonar, og standardutgåva støttar berre engelsk og dei største europeiske språka, ikkje norsk. For oss norskar er det «europe2»-utgåva som gjeld. Denne kan du for eksempel lasta ned direkte frå ein tenar i Norge. Du kan òg lasta ned Free-DVD-en, som ikkje inneheld nokon ufrie drivarar (typisk for skjermkort og trådlauskort), men inneheld fleire program enn det var plass til på CD-en. (Uansett kven av dei du vel, har du tilgang til alle programpakkane via nettet.)

Til slutt: Sjølv om Mandriva Linux er gratis, er det ikkje gratis å laga. Eg vil derfor anbefala deg å abonnera på Powerpack-utgåva. Då får du, i tillegg til å støtta utviklinga av Mandriva, òg nokre kommersielle program med på kjøpet, og to utgåver av Powerpack (denne og neste) i året, alt dette for 69 euro (rundt 600 kroner). Viss du berre vil ha den gjeldande Powerpack-utåva, får du ho for 59 euro.

Emne: Programvare

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.