Karl Ove Hufthammer

Kerning i fri programvare

19. juni 2005 (oppdatert 4. juni 2009)

Kerning er ein skriftteknologi som gjer at tekst får rett fordeling av luft mellom bokstavane. Men kor godt er dette støtta i fri programvare?

Litt kjapp historikk

Først ei veldig kort innføring i tekstreproduseringshistorie: For lenge, lenge sidan fanst det verken trykkemaskiner eller elektroniske skrivarar. Om ei bok skulle gjerast tilgjengelig i eit nytt eksemplar, måtte ho skrivast på nytt – for hand. So kom trykkekunsten, der kvar side vart skore ut eit trestykke, som so kunne påførast blekk og brukast til å trykka sida fleire gongar. Den «typografiske» kvaliteten sank, men fordelane er openbare.

Men den verkelig store revolusjonen kom med innføringa av lause typar (rundt 1400-talet), som Gutenberg er kjent som oppfinnaren av (men prinsippet var tatt i bruk i blant anna Kina århundrer før). Her var kvar bokstav ei laus (metall)blokk, og desse blokkene vert sett saman til sider, som so kunne trykkast. Igjen gjekk ting enklare og raskare, men det var eit lite problem: Bokstavblokkene kunne (i utgangspunktet) ikkje overlappa kvarandre. Eine bokstaven begynte først der førre slutta.

Kva er so problemet med dette? Hugs på at bokstavar deler plass stadig vekk. Når for eksempel bokstavane «V» og «A» står saman, er det god plass under «V»-en til «A»-en. Resultatet med lause typar vert her veldig forstyrrande; den typografiske kvaliteten vert dårligare.

Men problemet var lett nok å løysa. Ein trengte berre laga eigne blokker der dei problematiske bokstavapara sto saman (ligaturar), eller skjera til kantane på blokkene slik at dei passa saman (kerning).

La oss no spola fram til slutten av 1800-talet, då skrivemaskiner begynte å verta masseprodusert. Brorparten av skrivemaskinene var basert på ein teknikk der kvar bokstav tok like stor plass. Ein tynn bokstav som «I» vil altso ta opp like stor plass som ein «W»! Typografisk er resultatet tragisk, men fordelane, rask og tilgjengelig tekstproduksjon, vart sett på som viktigare.

Seinare kom skrivarar til datamaskiner. Dei første var eigentlig berre elektroniske skrivemaskiner, men dei vart gradvis meir avanserte. Det same gjorde datamaskinene, som etter kvart vart allemannseige. Og maskinene fekk grafiske brukargrensesnitt, med avansert skriftteknologi, der dei gamle trykte typane kunne representerast digitalt. Men so var me brått tilbake til eit gammalt problem: Sjølv om bokstavane ikkje trengte vera like breie lenger, vart dei framleis skrivne direkte etter kvarandre, slik at høgre del av éin bokstav ikkje overlappa venstre del av neste.

Men dei som utvikla skriftteknologiane var forutsjåande nok til å ta omsyn til dette. Skriftene kunne innehelda informasjon om sokalla kerningpar, som er par med teikn som skal settast nærare eller lengre frå kvarandre enn standard.

Dette kunne òg brukast på meir fancy skrifter, der ein prøver å etterlikna ein handskriven stil, og ein bokstav overlappa fleire andre.

Men eitt problem gjenstod. Programma støtta ikkje kerninginformasjonen i skriftene. Og dette er dessverre framleis mykje situasjonen, med nokre hederlige unntak. (Program laga for profesjonell utforming av trykksaker støttar alle kerning.)

Kerningstøtta i fri programvare

Det er av naturlig interessa å sjå på støtta for kerning i fri programvare berekna på tekstproduksjon. Eg har derfor undersøkt desse programma:

Resultatet vart nedslåande. Verken AbiWord eller KWord støttar kerning. Det gjer tilsynelatande ikkje OpenOffice.org heller, men ser me nærare etter, merker teksten vår, og går inn dialogen for teiknformatering, kan me faktisk slå det på. Men det må gjerast manuelt for kvart einaste dokument. Kor hjernedaud (for å seia det litt forsiktig) kan utviklarane vera, at dei legg inn støtte for kerning, men slår det av som standard‽

Lyspunktet er Scribus, som støttar kerning perfekt, og har det påslått som standard.

Konklusjonen er at verken AbiWord eller KWord bør brukast til å produsera dokument som faktisk skal (skrivast ut og) lesast. OpenOffice.org kan til nød brukast, viss brukaren er veldig bevisst, og ikkje har noko imot å måtte fikla med innstillingar for å få eit akseptabelt resultat. Scribus er ikkje eigna som eit teksthandsamingsprogram (det er eit generelt trykksakprogram), men gjev best resultat.

Emne: Programvare

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.