Karl Ove Hufthammer

KDE 4.3 ute – på godt nynorsk

6. august 2009

Versjon 4.3 av skrivebordsmiljøet og programsamlinga KDE er no ute. Før var KDE både brukarvenlig og kraftig, og med denne versjonen har det i tillegg blitt skikkelig lekkert!

Me nynorskomsettarane har arbeida hardt for at denne versjonen no har den beste og mest komplette nynorskstøtta nokosinne. Me har drive med omsetting av dei ulike nye programma, grundig korrekturlesing av mange gamle program, og har tillegg laga eit automatisk system for å sjekka at omsettingane er i samsvar med dei omfattande språklege retningslinjene våre.

Resultatet trur og håpar både me og programutviklarane du vil lika! Les gjerne den offisielle kunngjeringa, som har mange flotte bilete, og ein video som viser noko av det som er nytt. Men merk at langt frå alle programma er nemnt der; KDE består av ei stor samling med både nytteprogram, spel og pedagogisk programvare. La deg for eksempel imponera over alt det nye i globusprogrammet Marble.

Og finn du ein skrivefeil eller noko som kan forbetrast i omsettinga, er det berre å ta kontakt med meg, så skal eg få det retta til neste versjon, som kjem om rundt ein månad.

Emne: Programvare, Språk

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Kommentarar

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.