Karl Ove Hufthammer

Ordbanken – norsk bøying på ein lett måte

Kva er fleirtal av ordet «forum» på nynorsk? Kva heiter «å late» i presens, preteritum og imperativ? Heiter det offisielt «ei appelsin», «ein appelsin» eller «eit appelsin»? Når du er ferdig med å lesa nokre bøker, er bøkene då «leste», eller er dei «lesne»? Tilsvarande, når du ein varm sommarkveld sit og nyt ei korg ferske jordbær, kva vil du seia jordbæra er etterpå? «Nytne»? «Nautne»? «Nøtne»? «Nytte»? Her er endelig løysinga: eit program for oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank.

Orddeling-stoppen

«Sør-peis»? Du les setninga om igjen. Og ein gong til. Kva er det dei meiner? Brått går det opp for deg; det var «sørpe-is» det var snakk om. Du har blitt offer for databasert orddeling. Her finn du fleire skrekkeksempel …

Prikken over i-en

Ein hører gjerne folk uttala at noko vert «prikken over i-en», eller at ein har «gløymt å setta prikken over i-en». Dette kan oppfattast som feil, og her er grunnen.