I Google Earth kan me sjå ortofoto frå heile verda, men utanom dei største byane i landet er gjerne kvaliteten dårlig. Men me kan faktisk få offisielle kartdata med god oppløysing inn i Google Earth òg, so detaljert at du faktisk kan sjå utedoen din, med gards- og bruksnummer!
Linux-distribusjonen Mandriva Linux er endelig ute i ny versjon, 100 % omsett til både nynorsk og bokmål, med mange nye forbetringar, og tusenvis av oppdaterte program. Og alt dette heilt gratis!
I 1873 kom Ivar Aasen ut med Norsk Ordbog med dansk Forklaring, grunnlaget for det som seinare skulle verta nynorsk. Boka er tilgjengelig i elektronisk form på Aasentunet, i eit noko uhendig format (Microsoft Word). Men med nokre greie verktøy kan me gjera ho om til eit enkelt koda tekstformat, og med litt skripting få «Ivar Aasen rett i terminalen».