Karl Ove Hufthammer

SuperTuxKart på nynorsk

Rundt år 2000 dukka bilspelet TuxKart opp, sterkt inspirert av Mario Kart. Det hadde kjip grafikk og var ikkje noko gøy å spela. Dei neste åra vart det forbetra, men det var framleis kjipt – kjipt men lovande. Til slutt stoppa utviklinga heilt opp. Men spelet var fri programvare, so andre kunne ta tak i det og utvikla det vidare. Og no, mange år seinare, har me endelig fått eit kjempegøy bilspel med flott grafikk og musikk, under namnet SuperTuxKart. Og i siste versjon har me det òg på nynorsk!

Ordbanken versjon 2010-05-11 klar

Eg har no lagt ut versjon 2010-05-11 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ikkje so mange endringar i sjølve programmet, men fleire i fullformsordlistene, og det var på tide å få ut ein ny versjon.

Statens kartverk i Google Earth

I Google Earth kan me sjå ortofoto frå heile verda, men utanom dei største byane i landet er gjerne kvaliteten dårlig. Men me kan faktisk få offisielle kartdata med god oppløysing inn i Google Earth òg, so detaljert at du faktisk kan sjå utedoen din, med gards- og bruksnummer!