Karl Ove Hufthammer

Valentinsdagen

Minner om at det i dag er valentinsdag, òg kjent som «alle hjertes dag». Dette har det for øvrig heitt (merk: med små bokstavar) i ei årrekkja på norsk. Namnet kjem av presten Sankt Valentin av Roma.

Viss du har tenkt å ta turen til USA, eller til eit norsk kjøpesenter, kan det vera greitt å veta at det der heiter «Valentine’s Day», eller gjerne med «`» eller «´» forveksla med apostrof.

Koz og klemz frå Karl! ☺

8 kommentarar

  1. Hei,
    jeg var nettopp innom nettsida di for å lese og videreformidle den glimrende gjennomgangen din av alternativ tekst i XHTML.
    Men så tok jeg meg en tur innom bloggen din også, og hva er det første jeg får se? Jo, et stort, rødt hjerte uten alternativ tekst, og ord som Koz og klemz!
    Hva har skjedd med deg? Dette kan nesten minne om en slags forelskelse, eller i hvert fall et lett svermeri? 🙂

  2. Vel, hjertet var berre meint som pynt, og har derfor tom alternativ tekst. Dette er i samsvar med artikkelen du nemner. I veldig mange av innlegga mine er bileta berre med som pynt, og dei har derfor ingen alternativ tekst.

    I tilfelle der bileta er ein (viktig) del av innhaldet (eksempelvis lottoartikkelen) brukar eg sjølvsagt alternativ tekst.

    Når det gjeld koz og klemz lover eg at det ikkje skal gjenta seg!

  3. Jeg smilte godt av kozene og klemzene dine, men det var kun artig fordi det kom fra deg.

    Angående det smilende ansiktet som kommer rett etter koz og klemz-teksten din, så fungerer det ikke i Opera (vises som en liten firkant). Vet du om det er noen instillinger jeg kan klusse med for å få ansiktet til å virke?

  4. Smilefjeset er eit heilt vanlig Unicode-teikn (akkurat som desse bokstavane du no les), og vert vist om skrifta støttar det.
    Mozilla er tydeligvis litt smartare enn Opera her. Når teksten inneheld eit teikn som ikkje finst i gjeldande skrift, leiter Mozilla gjennom alle skriftene etter éi som kan brukast, og viser så teiknet med denne.
    Det finst òg andre løysingar nettlesarar godt kunne brukt, for eksempel å visa teiknet som :–). Dette gjer nettlesaren Lynx. Ei anna god løysing er å setta inn eit bilde av eit smilefjes, slik mange e-post- og lynmeldingsprogram gjer, men eg kjenner ikkje til nokon nettlesarar som gjer det.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.