Karl Ove Hufthammer

Typografisk håndbok

Typografisk håndbok er eit oppslagsverk og ei rettleiing i norsk typografi, skriven av Christer Hellmark. Boka kom opphavlig ut på svensk i 1991, men er no omsett og tilrettelagt til norsk av Tom Klev, og utgjeve på Spartacus forlag i år 2000. Innhaldsmessig er boka stort sett bra, men typografisk gjev ho litt blanda signal.

(Denne omtalen er skriven av ein typografiinteressert amatør utan noko som helst typografisk utdanning. Ho bør lesast med dette i bakhovudet.)

Boka startar med å setta moderne typografi inn i ei historisk ramma, men går fort over til ei oversikt over overordna typografiske retningslinjer («tekst er til for å leses») og ei innføring i dei viktaste typografitermane, heile tida grundig illustrert. Her lærer me blant anna om linjelengder, om ordbilete og om ulike skriftsnitt.

Så følgjer ei lite kapittel om praktisk bruk av teksthandsamingsprogram, med blant anna tips om avansert bruk av «søk og erstatt»-funksjonalitet. Me får òg eit kapittel med kommareglar og det som meir kan kallast skrivereglar enn typografireglar. Det er tydelig at boka er skriven meir for meiningmann enn for den erfarne typografen.

Boka avsluttar med å fortella om reglar for margar, sidestorleik, paginering, plassering av bilete og korrekturlesing. Om det siste seier ho:

En trykt tekst spres ofte i flere tusen eksemplarer. Hvorfor skal da tusenvis av personer trenge å ta seg bry med å tyde uklarheter når det kun er nødvendig med én eneste person for å bli kvitt dem før teksten går i trykken?

Moralen er altso at teksten skal korrekturlesast grundig, både éin og to og tre gongar, og både når det gjeld rettskriving og typografi. Dette er det lett å seia seg einig i!

Heilt til slutt følgjer det nokre vedlegg med 1) tommelfingerreglar om korleis me kan rekna ut kor mange sider ein tekst vert på, 2) eit typografiskjema til trykkeriet (so vidt eg kan sjå), 3) oversikt over korrekturteikn, og 4) ei heller forvirrande oversikt over korleis me kan bli kvitt horungar (linjer som vert ståande åleine på toppen eller botnen av sider). Nytteverdien av desse vedlegga er låg.

Det er mykje nyttig og direkte anvendelig i boka, og ho vil klart vera til nytte for både amatørtypografen og amatøren, men det er ein del ting eg saknar. Boka manglar detaljar. Me lærer for eksemepl at side tre er tittelsida, og skal innehelda blant anna namnet til forfattaren og tittelen på boka, men det står ingenting om den typografiske utforminga. Og sidan dette er side tre, skal sida ha sidetal? (Nei!)

Boka seier heller ingenting om kva skriftsnitt som står fint til kvarandre, eller kva skriftsnitt som passar i ulike samanhengar. Dette er noko både amatør og profesjonell vil vera interessert i. Boka er rett nok meint som ei handbok, og på knappe 150 sider kan ein ikkje få plass til alt. Men det er ting som med fordel kunne gått ut om det er plassmangel som er problemet.

Elles skjemst boka òg av ein del dårlig typografi og nokre direkte feil i innhaldet. Sjå for eksempel på vaskeseddelen på baksida:

Dette kan på ingen måte kallast god «fordeling av luft»! Det er forstyrrande for lesaren. Eit anna skrekkeksempel finn me allereie i forordet:

Dette er ikkje bra, og serlig ikkje når forfattaren har lagt so stor vekt på at det er typografen sitt ansvar at slikt ikkje skal skje. Vidare finn me, blant anna smågrums, eit val og ei plassering av punktteikn iallfall eg oppfattar som mindre heldig:

Innhaldsmessig har òg boka nokre feil og inkonsekvensar. Ho nemner for eksempel at sitat inni sitat alltid skal ha gåseauge («»), mens oversikta over hermeteikn på ulike språk på etterfølgjande sida viser at òg «enkle apostrofar» kan brukast (og dette er rett, og ganske vanlig på norsk). Og fleire plassar har det snike seg inn danske hermeteikn (»sitat«) i teksten. Utrulig at noko sånt kunne passera korrekturen! Elles vil eg anbefala Torbjørn Eng si flotte side om hermeteikn på norsk for dei som er interessert i slikt. Eng har òg fleire andre gode artiklar om typografi på nettstaden sin.

Elles stussar eg over at boka ikkje nemner at me gjerne har luft før prosentteikn («98 %») på norsk – sjølv om regelen ser ut til å vera stadig mindre brukt. (Prosentteikn er behandla i eiga avsnitt i boka.) Og når det gjeld nummererte lister hevdar forfattaren at det alltid skal vera punktum etter nummeret. Grunnregelen på norsk er at det ikkje skal vera punktum. Det same gjeld for overskrifter. Slike feil (eller «unøyaktigheiter») irriterer.

Men alt i alt tar ikkje desse manglane vekk faktumet at boka ei lettfattelig og god innføring i norsk typografi, og trulig vil vera til stor nytte som oppslagsbok, både for den glade amatør og for den noko meir erfarne. Profesjonelle typografer vil og bør nok sjå seg om etter litt meir avanserte tekstar.

(Boka vart kjøpt på Mammut-salet 2005 for 99 kroner. Vanlig pris er på rundt 350 kroner.)

5 kommentarar

  1. Jeg rasket også med meg denne fra Mammut-salget, og fra et amatørsynspunkt må jeg si meg enig i din analyse. Etter det jeg har lest så langt er dette en grei bok, men jeg hadde håpet på mer om skrifttyper og mindre om tekstbehandling og kommaregler (selv om jeg nok kunne trenge terping på sistnevnte).

  2. Det er ordmellomromma («fordelinga av luft») som er dårlig i forordet. Sjå på dei to tankestrekane. Dei er nesten rett under kvarandre, men har veldig forskjellig luft rundt seg, slik at resultatet ser mildt sagt forferdelig ut.
    Legg merke til at ordet «yrkesmannen» rett før første tankestrek sluttar ein halv bokstav før ordet «bokforleggeren», men at neste ord, «typografen», begynner (ein heil bokstav!) etter ordet «kan» i linja under.
    Eg leitte ikkje aktivt etter slike feil når eg las denne boka, men denne feilen var so grov at han slo imot meg. Då er det slett typografi.

  3. I går hørte eg det igjen, på radioen. Når dei annonserer musikk, seier dei det f.eks. slik: «Albatross med Fleetwood Mac». Altså navnet på songen først, og så navnet på gruppa. Kvifor ikkje omvendt? Eg synest det høres unaturleg ut å gjere det på denne måten.

  4. Tom Klev driver vranglære på side 118 om arbeidsmetoder ved korrekturlesing.
    Mye av dagens dårlige resultat ved korrekturlesing er at den foregår slik Tom forfekter. «Lese høyt fra manuskriptet.»
    Jeg har praktisert korrekturlesing fra jeg startet i typograflære i 1953 og vi leste alltid den trykte tekst høyt og hjelperen fulgte med i manuskriptet. Dette beskrives jo også i boken i alle korrekturledd. Det er bare uttalelsen «Lese fra manuskriptet» som er feil og villedende.

Legg att eit svar til Marius Andersen Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.