Karl Ove Hufthammer

Tux Typing 1.5.3 ute

Ei ny utgåva av tastetreningsspelet Tux Typing er no klar til nedlasting, for fleire plattformer.

Med Tux Typing kan både liten og stor læra seg kor tastane ligg på tastaturet, og øva seg i å bruka dei, gjennom dei to spela «fiskefall» og «kometknusing».

I «fiskefall» skal du prøva å fanga små bokstavfisk som fell frå himmelen ved å skriva inn orda dei dannar. Her må alle bokstavane i rett rekkefølgja, og det kjem stadig nye ord, fortare og fortare. «Kometknusing» er litt lettare, då rekkefølgja på bokstavane og orda ikkje har noko å seia.

Tux Typing har fleire vanskegradar, og innebygd støtta for fleire språk, inkludert nynorsk. I tillegg til omsett brukargrensesnitt, følgjer det med fleire nynorske øvingsordlister. Til slutt er det verdt å merka seg at spelet er heilt gratis!

1 kommentar

Legg att eit svar til Anders Jacobsen's sideblog Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.