Karl Ove Hufthammer

Tankestrek eller bindestrek

Ein vanlig feil når det gjeld teiknsetting i norsk skrift er bruk av bindestrek i staden for tankestrek. Tankestreken har ein annan utsjånad og funksjon enn bindestreken, men likevel vert dei to ofte forveksla. I denne artikkelen vert utsjånad, bruk og tekniske problemstillingar diskutert.

Tankestrek og bindestrek er to forskjellige teikn som har forskjellige grafisk framstilling og bruk. La oss ta den grafiske framstillinga fyrst:

Grafisk framstilling

Bindestrek
- -
Tankestrek
– –

Tankestreken er lengre enn bindestreken. Han er òg ofte tynnare (i høgda) og er heilt horisontal, mens bindestreken kan vera skråstilt.

Bruk

Bindestreken vert, som namnet tyder på, brukt til å binda noko saman. Han binder saman ulike ord, eller held ord delt ved linjeskift saman.

Tankestreken kan derimot brukast til mykje anna. Det mest vanlige bruken er å markera ein pause. Han vert då brukt, som erstatning for komma, til å skilje ut ei bisetning. Førre setning kunne altså skrivast slik: Han vert brukt – som erstatning for komma – til å skilja ut ei bisetning.

I skjønnlitteratur kan tankestreken brukast til å markera ein fysisk tenkepause eller avbroten tale. Han kan òg brukast til å halda på spenninga. Eksempel: «Ho opna den gamle kista og fann – ingenting.»

Men tankestreken kan brukast til so mangt. Han vert brukt mellom datoar og årstal, som intervallstrek. Eksempel:

I perioden 1998–1999 auka fortenesta med ein halv million.

Same regel gjeld for andre intervall. Eksempel:

Hent fem–seks egg til meg, er du grei.

13–14-åringar likar ikkje musikk frå 1940-talet.

Legg merke til at det her står ein tankestrek mellom «13» og «14» og ein bindestrek mellom «14» og «åringar». Det er òg ein bindestrek mellom «1940» og «talet».

Elles vert tankestreken brukt som erstatning for «til» eller «frå … til». Eit par eksempel:

Gjørghild sykla heile ruta Oslo–Bergen.

Butikken er open måndag–fredag.

Men merk at me ikkje kan skriva:

Festen varte frå 21:00–04:00.

Her må det vera ein av variantane:

Festen varte 21:30–04:00.

Festen varte frå 21:30 til 04:00.

Tankestreken kan òg brukast som replikkstrek. Dette er veldig vanlig i avisintervju og i teksting av fjernsynsprogram.

– Hald kjeft!

Her kunne me òg brukt hermeteikn (sitatteikn), men ikkje begge delar:

«Hald kjeft!»

Når det gjeld fjernsynsprogram, kan det vera nyttig å merka seg at det kjem ny replikkstrek berre når det er ein ny person som snakkar. Viss same person held fram med å snakka, vert det ingen ny strek, sjølv om han/ho seier fleire setningar som går over fleire «skjermbilde».

Tankestreken vert òg brukt i lister og oppramsingar. I norsk brukar me tankestrekar (–) og ikkje punkt (•) som listeteikn.

Eg har no nemnt dei fleste bruksområda for tanke- og bindestrek. Ein grei hugseregel er at tankestreken skil noko ut, medan bindestreken bind det saman. Til slutt eit litt «avansert» eksempel:

Dobbeltmonarkiet Østerrike-Ungarn (bindestrek)

Fotballkampen Østerrike–Ungarn (tankestrek)

Sjå elles Språkråd sine artiklar om bindestrek og tankestrek, der det siste eksempelet er henta frå.

For ordens skyld bør det nemnast at i profesjonell typografi kan tankestrek (divis), intervallstrek og minusteikn sjå litt forskjellige ut, eller kanskje ha litt forskjellig luft rundt seg.

Fleire tankestrekar

Tankestreken har som tidligare nemnt annan utsjånad enn bindestreken. Me har to typar tankestrekar, ein kort tankestrek (–) og ein lang tankestrek (—). På engelsk vert dette kalla ein en- og ein em-dash. Dette fordi em-dash-en skulle vera like lang som den store bokstaven M, og sameleis for en-dash-en og bokstaven N. Dette var den historiske definisjon, men no vert em-dash-en definert ut frå skriftgraden (skriftstorleiken).

Me brukar kort tankestrek på norsk, mens lang tankestrek er vanlig i engelsk (spesielt amerikansk) tekst. Lang tankestrek skal for øvrig aldri ha luft rundt seg.

Han ba om—og fekk—ein ny katt.

I nokre skrifter er kort tankestrek litt for kort, men i dei fleste er det lett å sjå forskjell på bindestrek og denne. Når ein berre hadde skrivemaskiner, hadde ein ikkje forskjellige teikn for tanke- og bindestrek, og brukte enten éin bindestrek (-) eller to etterfølgjande bindestrekar (–) for å markera tankestrek.

I våre dager, når me bruker datamaskiner, har me god tilgang på ulike teikn. Dei aller fleste programma har mulighet for å setja inn tankestrek, men dette er ikkje alltid like lett. Her er ei kort oversikt:

Dataprogram og -system

Microsoft Word
I Microsoft Word kan me helda inne Ctrl og tasta - (minus på det numeriske tastaturet) for å få ein kort tankestrek. For å få ein lang tankestrek bruker me Alt Gr-tasten i staden for Ctrl.
Andre Windows-program
I andre Windows-program kan me halda inne Alt-tasten og tasta 0150 eller 0151 på det numeriske tastaturet for å få høvesvis ein kort og ein lang tankestrek.
HTML og XML
I HTML og XML kan me bruka teiknreferansar, – og — for høvesvis kort og lang tankestrek.
LaTeX
I LaTeX kan me skriva \textendash og \textemdash for høvesvis kort og lang tankestrek. Dei mykje brukte alternativa -- (to bindestrekar) og --- (tre bindestrekar) er ikkje å anbefala, då dei har andre eigenskapar ved linjebryting.
Unicode
I Unicode har kort tankestrek plassering U+2013 og lang tankestrek plassering U+2014.

Situasjonen i dag

Problemet med bindestrek og tankestrek er at få folk veit forskjellen. Eg må seia det er ofte eg ser nokon som bruker bindestrek i staden for tankestrek. I blad, aviser, plakatar, nettsider og andre dokument finst denne feilen. I bøker derimot, vert det oftast brukt rett teiknsetting. Det er sjølvsagt profesjonelle typografar som har ansvar for utforming av sånne ting.

Nokre tekstbehandlingsprogram som er komen på marknaden dei siste åra rettar nokre sånne feil automatisk. Når det for eksempel er eit mellomrom på kvar side av ein bindestrek, vert denne gjort om til ein tankestrek. Resultatet av dette har ikkje latt venta på seg. Kort tid etter at slike program kom, såg eg fleire blad og aviser som plutselig begynte å bruka ekte tankestrekar.

Men ingenting er jo erstatning for ekte kunnskap om dette. Håpar eg med denne artikkelen har klart å auka forståinga for korrekt teiknsetting litt. …

15 kommentarar

  1. Det virker som du har peiling. Jeg bruker ofte bindestrek for å skille ord som hører sammen, men setter da inn mellomrom etter bindestreken. Eksemelvis: Internett- kurs.
    Det er en vane jeg har lagt meg til, fordi noen tekstbehandlingsprogrammer ikke bryter linja dersom man ikke bruker mellomrom (blant annet). Er dette feil?

  2. Ja, Audun, det er feil. Ordet må skrivast «Internett-kurs» (eller «internettkurs», med liten «i» og utan bindestrek).
    At eit tekstbehandlingsprogram ikkje bryt linja ved vanlig bindestrek vil eg rekna som ein ein feil i programmet.
    Elles støttar dei fleste tekstbehandlingsprogram sokalla mjuke bindestrekar, som vanligvis er usynlige, men som kan gjerast om til bindestrek pluss orddeling på slutten av linjer.
    Her er eit eksempel på eit ord med mjuke bindestrekar: tekst­behandlings­program. Viss du gjer nettlesarvindauget smalare, slik at ordet kjem på slutten av linja, vil du sjå det vert automatisk delt på to plassar. (Om dette fungerer kjem an på kva nettlesar du brukar.)

  3. I OpenOffice.org Writer kan ein få mjuke bindestrekar ved å halde inne Ctrl og trykke -. Harde mellomrom får ein ved å trykke Ctrl og mellomromstasten. Writer gjer òg om to bindestrekar (eller enkel bindestrek med mellomrom framfor og etter) til tankestrekar vha. autokorrektur. Til—frå-tankestreken ser ut til å vere av den lange sorten.

  4. Takk for tipset, Chris. Synd at OpenOffice.org ikkje har ein enkel måte for å skriva (korte) tankestrekar. Eg har for øvrig lagt til informasjon om korleis me skriv tankestrekar i LaTeX no.

  5. I LaTeX kan me skriva \textendash og \textemdash for høvesvis kort og lang tankestrek. Dei mykje brukte alternativa -- (to bindestrekar) og --- (tre bindestrekar) er ikkje å anbefala, då dei har andre eigenskapar ved linjebryting.

    Kan du utdype litt her?
    Viser for øvrig til noe du skrev i et innlegg i nyhetsgruppen no.fag.typografi i 2003:

    Eg brukar følgjande tommelfingereglar:

    • Tekst med tankestrek på begge sider skal ikkje brytast mellom teksten og tankestrekane.
    • Tekst med tankestrek berre på venstre side skal (om nødvendig) brytast etter tankestreken.

    Tankestreken skal altso ikkje komma på ny linja, men stå på slutten av ei linja.

    Jeg følger disse reglene i LaTeX ved å skrive ~-- og --~ der det passer seg (søk og erstatt-operasjoner kan være nyttige her), og har ikke opplevd noen problemer.

  6. Eg synest å hugsa å hava lest dette innlegget for lengje sidan, men ser datoen er ganske ny her: 2007. Noko galt med datomarkeringi? Eller hev du lagt ut artikkelen på ny?

  7. I OpenOffice kan man finne strekene under Insert character, og det bør være mulig å fikse autokorrekturen.
    Den rette måten å sette inn streker, er dog å modifisere tastaturoppsettet. Windowsbrukere kan bruke http://msdn.microsoft.com/en-us/goglobal/bb964665.aspx til dette. I X/UNIX kan man bruke kommandoen «xmodmap -e «keycode 61 = minus underscore endash diaeresis endash diaeresis»». Denne legger tankestrek på AltGr + -.

  8. Marius: Teiknsekvensen «–» er definert som ein ligatur i TeX, på same måte som «fi» er det. Dette har to konsekvensar:

    • Ligaturar er skriftspesifikke, slik at ein er ikkje sikra at «–» er definert som ein tankestrek.
    • «Tankestreken» har same linjebrytingseigenskapar som to bindestrekar. Viss du brukar tankestreken som intervallstreket, og for eksempel skriv «2–3 egg», kan du risikera at TeX delar «ordet» «2–3» etter streken. Dette problemet vil du ikkje ha om du brukar \textendash.

    Odin: Artikkelen låg på den gamle heimesida mi før. Eg held sakte men sikkert på å flytta alle artiklane der over til bloggen. Det er grunnen til den nye datoen.

  9. Flott artikkel.
    Jeg har prøvd å bruke \textendash i LaTeX, men ender da opp uten mellomrom bak tankestreken. Jeg bruker PDFLaTex. Vet du hvordan dette kan ordnes?

  10. Mye nyttig info her; bra artikkel. Men kunne du kanskje satt forskjellig farge på tanke- og bindestrekene, slik at det er lettere å se forskjell på dem? :-)

  11. Asbjørn, i dei aller fleste skrifter skal det vera ingen problem å sjå forskjell på tankestrek og bindestrek, sjølv på skjerm. Skrifta «Trebuchet MS» er eit unntak, men denne har eg heller ikkje brukt her på bloggen.

Legg att eit svar til Asbjørn Ulsberg Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.