Er du interessert i dataprogram på norsk? Då anbefaler eg å kikka innom nettstaden l10n.no. Der prøver me å samla ressursar for folk som arbeider med eller er interesserte i omsetjing av fri programvare til nynorsk og bokmål (og eventuelt samisk).
Me har ei eiga e-postbasert diskusjonsliste som har halde det gåande sidan 2001. Der diskuterer me terminologi, kunngjer nye program og appar som er tilgjengelege på norsk, og samordnar dei ulike omsetjingsprosjekta. Du er hjarteleg velkommen til å vera med, anten som aktiv deltakar eller passiv «tilskodar».
Det begynner etter kvart å finnast ganske mykje fri og gratis programvare på norsk, hovudsakleg for Linux (eit fullgodt, gratis og reklamefritt alternativ til Windows, som òg fungerer kjempebra på eldre maskiner). Men det finst òg ein del for Windows og Android. At programvara er fri (såkalla friprog) gjer at me alle, på dugnad, kan bidra med å setja ho om til norsk.
Systemet Plasma frå KDE, omsett til nynorsk. Plasma køyrer på Linux, og det høyrer òg til over 200 program, der dei fleste er omsette (delvis eller fullstendig) til nynorsk og/eller bokmål. Nokre få av dei er også tilgjengelege på Android og Windows.
Me er alltid interesserte i nye bidragsytarar. Du treng heller ikkje omsetja sjølv, men kan for eksempel bidra med korrekturlesing, testing av omsetjingane, råd eller teknisk støtte. Ta gjerne kontakt på diskusjonslista eller (spesielt viss det gjeld nynorsk) direkte med meg på e-post.
For spesielt interesserte: Korfor den rare forkortinga «l10n» i adressa til nettsida og namnet på diskusjonslista? Jo, L10N er den vanlege forkortinga for «localisation» eller «localization», altså eit ord som startar med bokstaven L, sluttar på bokstaven N og har 10 bokstavar mellom desse.
Det er L10N me driv me når me omset dataprogram Det vert av og til kalla «lokalisering» på norsk, men me kan med fordel kalla det språkversjonering. Det inneberer omsetjing, men òg andre språk-, lands- og kulturtilpassingar, for eksempel slik at me kan skriva desimaltal med komma, ikkje punktum, i eit rekneark (utan å måtta endra manuelt på standardinnstillingar), at me automatisk får datoar viste på norsk format, at kalenderen av seg sjølv veit at 17. mai er ein spesiell dag for oss eller at teksthandsamingsprogrammet som standard brukar A4-format og ikkje det amerikanske papirformatet Letter. I nokre tilfelle krev det òg at ein byter ut ikon, lydar eller andre mediefiler i programmet med språkspesifikke versjonar.
Ekstra stikkord: oversettelse, oversetting, open kjeldekode, åpen kildekode, open source