Karl Ove Hufthammer

Løp Lola løp

Klokka 22:40 i kveld, laurdag, sender NRK2 den tyske filmen Løp Lola løp.

Lola må skaffa ein haug med pengar for å redda typen sin – og det fort. Ho har 20 minutt på seg. Så ho legg på sprang. Og spring. Og spring. Gjennom heile filmen.

Løp Lola løp er ein genialt oppbygd og veldig gjennomført film om korleis bittesmå tilfeldigheiter kan føra til enorme og vidt forskjellige endringar i menneskes liv.

Har du ikkje fått med deg denne før, er no rette tidspunkt. Eg gjer filmen 9 av 10 mulige poeng, og eg er ikkje den einaste! Han ligg nemlig for tida på 93. plass på IMDbs brukarstyrte liste over dei beste filmane.

4 kommentarar

  1. NRK fortsetter tradisjonen med å vise gode filmer. Veldig hyggelig å se at vi iallefall får noe igjen for lisenspengene.

    Problemet er selvsagt at jeg allerede har mesteparten som DVD-er, og ikke trenger å se dem på NRK. ;-)

  2. Ja, NRK2 er heilt klart den beste filmkanalen (dei andre kanalane ser ut til å senda rundt éin god film i året). Og i tillegg til å senda gode filmar, sender NRK2 filmane i breiformat/originalformat. Dette set eg stor pris på.

    Spesielt er det kjekt med laurdagane, då dei vanligvis sender ikkje-amerikanske filmar.
    Elles har eg observert at opplegget er omtrent sånn: Søndag = skikkelig elendig, amerikansk actionfilm, og tysdag = gammal film.

    Men denne søndagen ser ut til å vera eit unntak, då dei sender ein indisk Bollywood-film. Eg har faktisk aldri sett ein Bollywood-film, so dette blir spennande! 🙂

  3. Tom Tywker er konge!

    Berre så ufattelig bittert at UPC ikkje er i stand til å levere NRK2-signal der vi bur (Malerhaugen, Oslo) …

  4. Enig, «lola rennt» er vidunderlig.

    Og, enda en gang: Originalen er klart bedre enn remaken. Hva ellers kan Erik Poppes «Hawaii, Oslo» kalles?

    Og, det pinlige her er forsåvidt ikke at Poppe så til de grader forsyner seg av originalen. Nei, det pinlige er det samlede norske kritikerkorpset som gir denne «originelle» filmen 6ere på løpende bånd.

    Pinlig.

    peter

Legg att eit svar til Jarle Dahl Bergersen Avbryt svar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.