Karl Ove Hufthammer

Jul med Linux

No er det snart jul, og då passar det å sjå litt på nokre program og spel som set ein i skikkelig jule­stemning på Linux.

Det første ein bør gjera, er å installera det litle programmet Xsnow. Start programmet, og skrivebordet vert fylt med nydelig, dalande snø, som vert liggande oppå vindauge og botnen av skjermen. Innimellom kjem jule­nissen sjølv fykandes med reins­dyra sine, med Rudolf i spissen. Og for dei ikkje-truande går det an å slå av den raude nasa til Rudolf. Programmet fungerer for øvrig godt saman med dei tidligare nemnte Tux-jule­bakgrunns­bilda.

Brukar du lyn­meldings­programmet Kopete, vil du gjera lurt i å installera fjesing­temaet Default-plus. Med dette støttar Kopete nissefjesingen: *<|:-)

Default-plus inneheld for øvrig fleire andre nye fjesingar, samt forbetringar til standard­fjesingane i Kopete, og er vel verdt å bruka utanom julehøgtida òg.

Til slutt vil eg anbefala spelet Extreme Tux Racer. Her akar du nedover fartsfylte baner med Linux-maskoten Tux. Flott grafikk og musikk gjer dette til eit perfekt spel å kosa seg med i jula. Spelet er for øvrig omsett til norsk – både nynorsk og bokmål.

Eg tar gjerne imot tips om andre frie spel og program for Linux som passar for års- og høgtida me no er inne i.

1 kommentar

  1. Xsnow er litt utdatert no, men heldigvis har KDE fått ein innebygd snøfunksjon (i KDE-innstillingane: Skrivebord → Skrivebordseffektar → Alle effektar → Snø), som ser endå flottare ut enn Xsnow.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.