Karl Ove Hufthammer

Ungen

I dag, laurdag klokka 12:55 sender NRK1 den norske musikalfilmen Ungen, etter Oskar Braatens skodespel, og med musikk av Egil Monn-Iversen. (Det finst òg ein vanlig spelefilm basert på same skodespel.)

Filmen handlar om arbeidarklassen på slutten av 1800-talet, og sentrerer rundt Milja, ei fattig fabrikkarbeidarjenta som blir gravid, og ser seg nøydt til å setta vekk «lausungen».

Det verkar kanskje ikkje å vera ei handling eigna for musikkspel, men filmen fungerer faktisk veldig bra. Han gjer ei fin framstilling av menneska, og vanskane med livssituasjonen deira.

Elles er ikkje all musikken noko å ropa hurra for, men det finst nokre perler, som den nydelige visa Balladen om Randi Libanon.

Alt i alt er dette ein veldig fin film, som verkelig kunne fortent ei skikkelig lyd- og bilderestaurering. Han tar seg dessverre ikkje so godt ut som han er.

Eg gjer filmen 8 av 10 poeng. Anbefalt!

1 kommentar

  1. Jeg er helt enig med deg i at dette er en film som bør sees. Den gir et godt bilde av sosiale forhold i den aktuelle tidsepoken. Jeg har sett den flere ganger, men ser den gjerne igjen.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.