Eg har no lagt ut versjon 2012-09-01 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ein del viktige endringar som gjorde det nødvendig med ein ny versjon. Her er det viktigaste nye i denne versjonen:
- Fullformsordlistene er oppdaterte til 2012-08-23-utgåva frå Norsk ordbank. Denne inneheld blant anna endringane i den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august 2012. Viss du heller vil bruka dei siste ordlistefilene frå før rettskrivingsreforma, hent ned revisjon 103 av ordlistefilene og programmet:
svn co -r103 svn://svn.savannah.nongnu.org/ordbanken/ - Støtte for oppslag og spesialvising av klammeformer er fjerna, sidan det ikkje lenger finst noko skilje mellom hovud- og klammeformer på nynorsk eller bokmål.
- Det er no støtte for a-infinitiv ved oppslag. Oppslaga gjev informasjon om verbet og tilhøyrande adjektiv laga av partisippet. For eksempel vil oppslag på «møta» finna verbbøyingane av «å møta» og adjektivformene «møtande», «møtte» («dei vart møtte») og «møtt», men ikkje substantivet «møte». Tilsvarande vil eit oppslag på «undra» finna det avleidde adjektivet «undrande» men ikkje adjektivet «undst» (som er avleidd av adjektivet «undre», ikkje av verbet «undre»/«undra»).
- Layouten for det grafiske brukargrensesnittet er forbetra, spesielt ved endring av storleik på vindauget.
Meir informasjon finn de på heimesida og prosjektsida. De kan lasta ned programmet frå nedlastingssida. Brukar du openSUSE, finst ein ein ferdig pakke du kan bruka. (Denne inneheld førbels ikkje det grafiske brukargrensesnittet, men eg håpar ordna dette etter kvart.)
Tilbakemeldingar er hjarteleg velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår (kan òg lesast via Gmane), eller send ein e-post direkte til meg.