Eg har no lagt ut versjon 2010-05-11 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ikkje so mange endringar i sjølve programmet, men fleire i fullformsordlistene, og det var på tide å få ut ein ny versjon. Her er det nye:
- Det er no mulig å endra namnet på programfila, eller laga eit alias til ho, utan at autofullføringa tolkar programnamnet som eit ord å gje forslag til. Det kan for eksempel vera greitt å leggja til
alias ord=ordbanken
complete -F _ordbanken ord
i oppstartsfila «~/.bashrc», slik at det vert mindre å skriva kvar gong ein vil slå opp eit ord. - Autofullføring av «-»- og «–»-argument fungerer no skikkelig igjen.
- Oppdatert fullformsordlistene til 2010-05-11-utgåva frå Norsk ordbank. Merk at -as-verba no er fjerna som oppslagsord på nynorsk. For å finna for eksempel infinitivsformene «å andas» og «å vrengjas», må ein altso slå opp på orda «andast» og «vrengjast».
Meir informasjon finn de på heimesida og prosjektsida. De kan lasta ned programmet frå nedlastingssida.
Tilbakemeldingar er hjertelig velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår, eller send ein e-post direkte til meg.