Eg har no lagt ut versjon 2009-07-05 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt oppslag i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Denne gongen er det mykje nytt:
- Lagt til støtte for regulære uttrykk. Eksempel:
- Dei tre orda «hei», «heim» og «heit»:
ordbanken --regulært-uttrykk "^hei[mt]?$" - Ord som startar på «dr» og sluttar på «ev»:
ordbanken -r "^dr.*ev$" - Ord som sluttar på «rama», men ikkje på «drama:
ordbanken -r [^d]rama$ - Ord der første bokstav er «k», neste er «r»
eller «u», tredje siste er «o» og siste er «d»:
ordbanken -r ^k[ru]...o.d$ - Bokmålsord med (minst) 5 etterfølgjande vokalar:
ordbanken -snb -r [aeiouyæøå]{5}
- Dei tre orda «hei», «heim» og «heit»:
- Lagt til støtte for jokerteikna brukte i Nynorskordboka
og Bokmålsordboka på nett («%» og «_») ved å automatisk
gjera dei om til regulære uttrykk. For eksempel vil
kr_ss%d
finna alle orda som startar med «kr», etterfølgd av éin vilkårlig bokstav, so bokstavane «ss», so eventuelt nokre vilkårlige bokstavar, og til slutt ein «d». Støtta er basert på kode frå Kristoffer Egil Bonarjee. - Ikkje fargelegg kodane viss utdata vert send i eit røyr
(for eksempel til programmet
less
), med mindre fargelegging er eksplisitt slått på. Basert på kode frå Kristoffer Egil Bonarjee. - Klammeformoppføringar vart ikkje plasserte på toppen viss vising av klammeteikna [ og ] var slått av (valet -P eller --ikkje-parentes). Dette er fiksa, og koden for klammeformplasseringa er sameina, i staden for å ha éin for tekstvisinga og ein tilsvarande for XHTML-visinga.
- Endra måten klammeformene vert plasserte på toppen, slik at dei vert lagde på toppen innanfor kvart oppslagsord. Sidan programmet før berre kunne slå opp enkeltord, hadde dette i utgangspunktet berre ein effekt på uttrykk sette saman av fleire ord, som «i glømme». Ved oppslag på «i», kjem «i glømme» no mellom «i gjære» og «i gløyma», i staden for på toppen av lista, som det gjorde før.
- Legg til namneromdeklarasjon ved XHTML-generering, for å få eit gyldig XHTML-dokument. Takk til Kristoffer Egil Bonarjee for tips.
- Oppdatert fullformsordlistene til 2009-07-05-utgåva frå Norsk ordbank.
Meir informasjon finn de på heimesida og prosjektsida. De kan lasta ned programmet frå nedlastingssida.
Tilbakemeldingar er hjertelig velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår, eller send ein e-post direkte til meg.
1 kommentar