Karl Ove Hufthammer

Fem nye plater

6. mai 2003

Eg oppdaga at musikkategorien her i bloggen var litt tynn. For å fylla han litt opp, vil eg seia noko om dei siste fem platene eg har lånt på biblioteket. Kanskje eg gjer det til ein tradisjon, so får eg samtidig ei grei oversikt over musikken eg har hørt.

Merk at dette er ikkje er skikkelige «omtalar» av platene – berre litt av mine tankar og opplevingar av dei.

Folk skal trives

Dette er ei plata med revyviser og sketsjar med tekstar av Alfred Næss – flest viser. Her er mange av dei gode, gamle klassikarane me kjenner frå programmet Nostalgia. Eksempel er den nydelige visa På enerhaugen, og sketsjen Ticketen («Få se på ticketcarden deres, da!»). Sistnemnte er minste like aktuell i våre dagar. Men dette er ei plata ein gjerne berre hører eit par gongar, og då er det veldig praktisk å kunna låna ho på biblioteket.

Brynjar Hoff: With Love

Obomusikken til Brynjar Hoff er noko av det nydeligaste ein kan tenka seg. På denne plata har han i tillegg tatt for seg nokre av dei vakraste melodiane som finst, som Molde Canticle og Sommernatt ved fjorden. Likevel er det noko som manglar. Kanskje spelar han melodiane litt for raskt? Kanskje er dei andre instrumenta noko forstyrrande? Iallfall er denne plata mykje dårligare enn ho burde vore, og vil ikkje få plass i platesamlinga mi.

Alf Cranner: 48 viser

Viser er ein musikktypane eg elskar. Og Alf Cranner er ein av dei flottaste visesongarane me har. Då må vel dette albumet (det er to plater) vera noko for meg? Ja, absolutt! Her har me ei samling av dei 48 beste visene Alf Cranner har skrive / spelt inn (fram til 1992), og det er ikkje éin dårlig song. Ikkje alt er like bra, sjølvsagt, men nokre av visene er av det beste som er laga:

Sistnemnte, Å, den som var en løvetann er heilt klart den flottaste av alle. Melodien, songen, gitarspelet og stemninga – alt er heilt perfekt og so nydelig.

Joan Sutherland: The Art of the Prima Donna

Dette er ei plata eg lenge har hatt lyst til å skaffa meg. Og ho er veldig bra. Men andre klarer å artikulera dette betre enn meg, so les derfor heller ClassicsTodays omtale.

Natalie Dessay: Vocalises

«Vocalise» betyr «songar utan ord», og er altso songar der utøvaren berre brukar ordlydar. Eit av dei mest kjente eksempla er Rachmaninovs Vocalise, som er første spor på denne plata. Det finst eit lite fåtal ekstremt nydelige melodiar, men dette er ein av dei. Natalie Dessay si tolking er òg framifrå, men når etter mi meining ikkje heilt opp til Anna Moffo si eldre innspeling av same stykke (som er heilt fantastisk!). Dessay har ein fantastisk koloraturstemme, noko har verkelig får vist på denne plata. Eg tok meg fleire gongar i å tenka, «korleis kan nokon klara å bruka stemmen slik‽». Det er fantastisk! Til slutt bør eg kanskje for ordens skyld nemna at tittelen er litt misvisande. Det er nemlig fleire songar med tekst på plata – utan at det gjer ho noko verre!

Emne: Musikk

[Abonner på kommentarar til artikkelen]

Legg til kommentar





Du kan bruka dei vanligaste elementa og attributta i HTML. Avsnitt lagar du med vanlige linjeskift. Eg kan komma til å gjera typografiske og ortografiske endringar i innlegg (men vil aldri endra sjølve innhaldet), samt fjerna upassande innlegg.

Skriven av Karl Ove Hufthammer og driven med WordPress. Du kan abonnera på innleggs-RSS eller kommentar-RSS.