Dette er ein del av den norske omsetjinga av W3Cs Web Content Accessibility Guidelines 1.0. Det er berre den engelske originalversjonen av dokumentet som er normativ. Sjå statusen til dette dokumentet for meir informasjon. Omsetjinga kan innehelda omsetjingsfeil.

Om du skulle finna nokre feil (omsetjingsfeil, skrivefeil, dårlege setningar e.l.) i denne norske versjonen, hadde det vore fint om du kunne meldt frå til meg om dette. Omsetjinga vart sist oppdatert 2002-06-26.

Originalversjonen av dette vedlegget på engelsk:
http://www.w3.org/TR/1999/WAI-WEBCONTENT-19990505/full-checklist.html
Den norske omsetjinga av dette vedlegget:
http://huftis.org/w3c/TR/WAI-WEBCONTENT-NN-NO/full-checklist.html
Omsetjar:
Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>

W3C

Sjekkliste over punkta i Retningslinjer for tilgjengelegheit på veven, versjon 1.0

Denne versjonen:
http://huftis.org/w3c/TR/WAI-WEBCONTENT-NN-NO/full-checklist.html
(rein tekst, PostScript, PDF)
Dette dokumentet er eit vedlegg til:
http://huftis.org/w3c/TR/WAI-WEBCONTENT-NN-NO/wai-pageauth.html
Den nyaste engelske versjonen av retningslinjene:
http://www.w3.org/TR/WAI-WEBCONTENT/
Forfattarar:
Wendy Chisholm, Trace R & D Center, University of Wisconsin – Madison
Gregg Vanderheiden, Trace R & D Center, University of Wisconsin – Madison
Ian Jacobs, W3C

Samandrag

Dette dokumentet er eit vedlegg til W3Cs Retningslinjer for tilgjengelegheit på veven, versjon 1.0. Det innheld ein tabell over alle punkta frå dette referansedokumentet, inndelt i emne. Det er meint som ei enkel sjekkliste for utviklarar av innhald på veven. Sjå retningslinjene for ein introduksjon, informasjon om andre dokument, ei ordliste og anna.

Denne lista kan bli brukt til å gjennomgå ein nettstad og kontrollera om han er tilgjengeleg. For kvart avkryssingspunkt kan du kryssa av om punktet er følgt, ikkje følgt eller om punktet ikkje gjeld nettstaden.

Punkta i sjekklista finst òg som ei enkel liste.

Dette dokumentet har blitt laga som ein del av W3Cs initiativ for tilgjengelegheit på veven. Målet til arbeidsgruppa for retningslinjene blir nærare diskutert i gruppas formålsbeskriving.

Statusen til dette dokumentet

Dette dokumentet er eit vedlegg til eit dokument som har blitt gjennomgått av medlemmar av W3C og andre interesserte grupper, og har blitt tildelt status som ei W3C-anbefaling. Det er eit stabilt dokument og kan bli brukt som referansemateriale eller sitert som ein normativ referanse frå andre dokument (dette gjeld den engelske versjonen). W3Cs utforma denne anbefalinga for å skapa merksemd om spesifikasjonen og fremma dens bruk. Dette er med på å hjelpa å fremma funksjonalitet og allmenn bruk av resursar på veven.

Du kan finna ei liste over anbefalingar og andre tekniske dokument frå W3Chttp://www.w3.org/TR/.

Dette dokumentet har blitt produsert som ein del av W3Cs initiativ for tilgjengelegheit på veven. Målsetjinga til arbeidsgruppa for desse retningslinjene blir diskutert i gruppas formålsbeskriving.

Send kommentarar til dette dokumentet til wai-wcag-editor@w3.org.


Prioriteringsnivå

Kvart punkt har eit prioriteringsnivå basert på kor mykje det påverkar tilgjengelegheita.

[Prioritet 1]
Ein utviklar av innhald på veven følgja dette punktet. Viss ikkje vil ein eller fleire grupper finna det umuleg å få tilgang til informasjon i dokumentet. Å følgja dette punktet er eit minstekrav for at nokre grupper skal kunna bruka dokumentet.
[Prioritet 2]
Ein utviklarar av innhald på veven bør følgja dette punktet. Viss ikkje vil ei eller fleire grupper få problem med å få tilgang til informasjonen i dokumentet. Viss du følgjer dette punktet vil du fjerna vesentlege hinder for tilgang til informasjonen i dokumentet.
[Prioritet 3]
Ein utviklarar av innhald på veven kan følgja dette punktet. Viss ikkje kan ei eller fleire grupper få enkelte vanskar med å få tilgang til informasjonen i dokumentet. Viss du følgjer dette punktet vil du forbetra tilgangen til dokumentet.

Nokre punkt spesifiserer eit prioriteringsnivå som kan endra seg under visse (markerte) forhold.

Avkryssingspunkt med prioritet 1

Generelt (Prioritet 1) Ja Nei
1.1 Ha alltid ekvivalente tekstalternativ til kvart ikkje-tekstlege element (f.eks.. ved å bruka «alt»- og «longdesc»-attributtet). Dette gjeld: bilde, grafiske representasjonar av tekst (inkludert symbol), bildekart og spesielle områder på desse, animasjonar (f.eks.. animerte GIF-filer), applettar og andre programobjekt, ASCII-kunst, rammer, skript, bilde brukt som punktmerke, plasshaldarar, grafiske knappar, lydar (spelt med eller utan påverknad av brukaren), separate lydfiler, filmklipp og lydspor til filmklipp.      
2.1 Sørg for at all informasjon som blir formidla ved bruk av farge også er tilgjengeleg utan, f.eks. frå samanhengen eller gjennom markeringa.      
4.1 Angje tydeleg endringar i språket til dokumentteksten og i eventuelle tekstalternativ (f.eks.. bildetekster).      
6.1 Lag dokumenta slik at dei kan blir lest utan stilsett. Når eit HTML-dokument blir vist utan noko tilhøyrande stilsett må det framleis vera muleg å lesa og fullt ut forstå dokumentet.      
6.2 Sørg for at alternativ til dynamisk innhald blir oppdatert når det dynamiske innhaldet blir endra.      
7.1 Til nettlesarar gjer det muleg for brukarar å styra flimring må du unngå å få skjermen til å flimra.      
14.1 Bruk det klaraste og enklaste språket som høver til nettstadens innhald.      
Og om du brukar bilde eller bildekart (Prioritet 1) Ja Nei
1.2 Inkluder overflødige tekstlenkjer til kvart aktivt område på tenarbaserte bildekart.      
9.1 Ha klientbaserte bildekart i staden for vevtenarbaserte så lenge områdene kan definerast med tilgjengelege geometriske former.      
Og om du brukar tabellar (Prioritet 1) Ja Nei
5.1 Marker rad- og kolonneoverskrifter i datatabellar.      
5.2 Viss du har datatabellar som har to eller fleire logiske nivå med rad- og kolonneoverskrifter bør du bruka markering til å kopla datacellene med overskriftscellene.      
Og om du brukar rammer (Prioritet 1) Ja Nei
12.1 Gje kvar ramme ein eigen tittel for å gjera det lettare å identifisera og forflytta seg mellom dei.      
Og om du brukar applettar eller skript (Prioritet 1) Ja Nei
6.3 Sørg for at sider er fullt ut brukbare når skript, applettar eller andre programobjekt ikkje er støtta eller støtta er deaktivert. Viss dette ikkje er muleg må du ha ei alternativ side med alternativ, ekvivalent informasjon.      
Og om du brukar multimedia (Prioritet 1) Ja Nei
1.3 Til nettlesarar automatisk kan lesa høgt tekstalternativa til ein visuell presentasjon bør du inkludera ei lydbeskriving av det visuelle innhaldet i multimediapresentasjonen.      
1.4 For tidsstyrte multimediapresentasjonar (f.eks.. ein film eller animasjon), bør du synkronisera ekvivalente alternativ (f.eks.. undertekster eller lydbeskriving av det visuelle innhaldet) til presentasjonen.      
Og om du likevel ikkje kan gjera nettstaden tilgjengeleg (Prioritet 1) Ja Nei
11.4 Viss du, etter å ha gjort så godt du kan, ikkje kan laga ei tilgjengeleg side, bør du inkludera ei lenkje til ei alternativ side som brukar W3C-teknologi, er tilgjengeleg og har ekvivalent informasjon (eller funksjonalitet) og blir oppdatert like ofte som den utilgjengelege originalsida.      

Avkryssingspunkt med prioritet 2

Generelt (Prioritet 2) Ja Nei
2.2 Sørg for at forgrunns- og bakgrunnsfargekombinasjonen gjer nok kontrast viss den blir sett av fargeblinde eller på ein svart/kvit-skjerm. [Prioritet 2 for bilde, prioritet 3 for tekst.]      
3.1 Når eit passande markeringsspråk eksisterar bør du bruka dette i staden for bilde til å formidla informasjonen.      
3.2 Lag dokument som kan validerast etter formelle, publiserte validerte dokumentkodingssystem.      
3.3 Bruk stilsett til å kontrollera utsjånad og presentasjon.      
3.4 Bruk relative og ikkje absolutte einingar til attributt- og eigenskapsverdiar.      
3.5 Bruk overskriftselement til å formidla dokumentstrukturen og bruk dei slik det står i spesifikasjonen.      
3.6 Marker lister og punkt korrekt.      
3.7 Merk opp sitat. Ikkje bruk sitat-element for å få formateringseffektar som til dømes innrykk.      
6.5 Sørg for at dynamisk innhald er tilgjengeleg eller inkluder ein alternativ presentasjon eller side.      
7.2 Til nettlesarar gjer det muleg for brukarar å kontrollera blinking bør du unngå å få innhaldet til å blinka (f.eks.. ved å endra visinga av eit objekt regelmessig ved å slå den av og på).      
7.4 Til nettlesarar gjer det muleg å stoppa automatiske oppdateringar bør du ikkje ha sider som oppdaterer seg automatisk.      
7.5 Til nettlesarar gjer det muleg å stoppa automatisk omadressering bør du ikkje bruka markering for automatisk å omadressera sidene. Konfigurer heller vevtenaren til å føreta omadresseringa.      
10.1 Til nettlesarar gjer det muleg for brukaren å skru av automatisk opna vindauge, bør du ikkje få dette til å skje utan å informera brukaren.      
11.1 Bruk W3C-teknologi når dei er tilgjengelege og høver for ei oppgåve. Bruk òg den nyaste versjonen når denne er støtta.      
11.2 Unngå nedgraderte funksjonar i W3C-teknologi.      
12.3 Del stor mengder informasjon i mindre delar der dette er naturleg.      
13.1 Gjer slik at målet til ei lenkje er tydeleg.      
13.2 Inkluder metadata for å gje semantisk informasjon om sider og nettstader.      
13.3 Inkluder informasjon om korleis nettstaden er utforma (f.eks.. eit kart over nettstaden eller ei innhaldsliste).      
13.4 Bruk navigasjonsmekanismar konsistent.      
Og om du brukar tabellar (Prioritet 2) Ja Nei
5.3 Ikkje bruk tabellar til grafisk utforming viss ikkje tabellen kan lesast lineært. Viss dette ikkje er muleg bør du gje eit ekvivalent alternativ (som kan vera ein lineær versjon av tabellen).      
5.4 Viss ein tabell blir brukt slik må du ikkje bruka strukturell markering for å oppnå ein viss utsjånad.      
Og om du brukar rammer (Prioritet 2) Ja Nei
12.2 Beskriv meininga til rammer og korleis dei høyrer saman viss dette ikkje kan lesast ut frå rammetittelen.      
Og om du brukar skjema (Prioritet 2) Ja Nei
10.2 Til nettlesarar støttar eksplisitt samanheng mellom etikettar og skjemaelement bør du la alle etikettar som er implisitt knytta til skjemaelement vera korrekt plasserte.      
12.4 Knytt etikettar eksplisitt til skjemafelta dei høyrer til.      
Og om du brukar applettar eller skript (Prioritet 2) Ja Nei
6.4 For skript og applettar må du sjå til at hendingsaktivatorar er uavhengig av maskin- og programvare.      
7.3 Til nettlesarar gjer det muleg for brukarar å stoppa rørsle av innhald bør du unngå slik rørsle.      
8.1 Programobjekt som f.eks. skript og applettar må vera direkte tilgjengelege eller kompatible med tillleggsprogram [Prioritet 1 viss funksjonaliteten er viktig og ikkje finst andre plassar, elles prioritet 2.]      
9.2 Sjå til at alle objekt som har sitt eiga brukargrensesnitt kan bli brukt maskinvareuavhengig.      
9.3 I skript bør du spesifisera logiske hendingsaktivatorar og ikkje maskinvareavhengige.      

Avkryssingspunkt med prioritet 3

Generelt (Prioritet 3) Ja Nei
4.2 Spesifiser den utvida forma av kvar forkorting og kvart akronym i eit dokument første gong det kjem.      
4.3 Angje hovudspråket i eit dokument.      
9.4 Ha ei naturleg rekkjefølgje på lenkjer, skjemaelement og andre objekt.      
9.5 Ha hurtigtastar på viktige lenkjer (inkludert dei i klientbaserte bildekart), skjemaelement og grupper med desse.      
10.5 Til nettlesarar (inkludert støtteteknologi) kan visa etterfølgjande lenkjer korrekt bør du ha ekstra, visbare teikn mellom lenkjer.      
11.3 Inkluder informasjon slik at brukarar kan motta dokument etter deira preferansar (f.eks.. språk og innhaldstype).      
13.5 Inkluder navigasjonsstriper for å gje enkel tilgang til navigasjonsmekanismar.      
13.6 Grupper relaterte lenkjer, identifiser gruppene (for nettlesarar) og til nettlesarar kan gjera dette bør du ha ein måte å overstyra grupperinga.      
13.7 Viss du har søkefunksjonar på sidene bør det kunne vera muleg å føreta ulike typar søk (av meir eller mindre avansert grad) og etter sine eigne preferansar.      
13.8 Ha særskilt viktig informasjon i begynnelsen av overskrifter, avsnitt, lister osv.      
13.9 Inkluder informasjon om dokumentsamlingar (dokument som består av fleire sider).      
13.10 Inkluder ein måte å hoppa over ASCII-kunst på fleire linjer.      
14.2 Inkluder ekstra tekst, grafikk eller lyd for å gjera innhaldet lettare å forstå.      
14.3 Bruk ein presentasjon som er konsistent gjennom alle sidene på ein nettstad.      
Og om du brukar bilde eller bildekart (Prioritet 3) Ja Nei
1.5 Til nettlesarar kan framstilla tekstalternativ til klientbaserte bildekart, bør du inkludera overflødige tekstlenkjer til kvart aktivt område av bildekartet.      
Og om du brukar tabellar (Prioritet 3) Ja Nei
5.5 Ha med samandrag av tabellar.      
5.6 Ha med forkortingar av overskriftsceller.      
10.3 Til nettlesarar (inkludert støtteteknologi) viser sidestilt tekst korrekt bør du lineære tekstalternativ (på same eller annan side) til alle tabellar som viser sidestilt tekst i fleire kolonner.      
Og om du brukar skjema (Prioritet 3) Ja Nei
10.4 Til nettlesarar kan handtera tomme skjemaelement korrekt bør du ha standardverdiar som plasshaldarar til desse.