Dette er ein del av den norske omsetjinga av W3Cs Web Content Accessibility Guidelines 1.0. Det er berre den engelske originalversjonen av dokumentet som er normativ. Sjå statusen til dette dokumentet for meir informasjon. Omsetjinga kan innehelda omsetjingsfeil.

Om du skulle finna nokre feil (omsetjingsfeil, skrivefeil, dårlege setningar e.l.) i denne norske versjonen, hadde det vore fint om du kunne meldt frå til meg om dette. Omsetjinga vart sist oppdatert 2002-06-26.

Originalversjonen av dette vedlegget på engelsk:
http://www.w3.org/TR/1999/WAI-WEBCONTENT-19990505/checkpoint-list.html
Den norske omsetjinga av dette vedlegget:
http://huftis.org/w3c/TR/WAI-WEBCONTENT-NN-NO/checkpoint-list.html
Omsetjar:
Karl Ove Hufthammer <karl@huftis.org>

W3C

Liste over punkta i Retningslinjer for tilgjengelegheit på veven, versjon 1.0

Denne versjonen:
http://huftis.org/w3c/TR/WAI-WEBCONTENT-NN-NO/checkpoint-list.html
(rein tekst, PostScript, PDF)
Dette dokumentet er eit vedlegg til:
http://huftis.org/w3c/TR/WAI-WEBCONTENT-NN-NO/wai-pageauth.html
Den nyaste engelske versjonen av retningslinjene:
http://www.w3.org/TR/WAI-WEBCONTENT/
Forfattarar:
Wendy Chisholm, Trace R & D Center, University of Wisconsin – Madison
Gregg Vanderheiden, Trace R & D Center, University of Wisconsin – Madison
Ian Jacobs, W3C

Samandrag

Dette dokumentet er eit vedlegg til W3Cs Retningslinjer for tilgjengelegheit på veven, versjon 1.0. Det innheld ein tabell over alle punkta frå dette referansedokumentet, inndelt i emne. Det er meint som ei enkel sjekkliste for utviklarar av innhald på veven. Sjå retningslinjene for ein introduksjon, informasjon om andre dokument, ei ordliste og anna.

Denne lista kan bli brukt til å gjennomgå ein nettstad og kontrollera om han er tilgjengeleg. For kvart avkryssingspunkt kan du kryssa av om punktet er følgt, ikkje følgt eller om punktet ikkje gjeld nettstaden.

Punkta i sjekklista finst òg som ei tabellbasert liste (f.eks. for utskrift).

Dette dokumentet har blitt laga som ein del av W3Cs initiativ for tilgjengelegheit på veven. Målet til arbeidsgruppa for retningslinjene blir nærare diskutert i gruppas formålsbeskriving.

Statusen til dette dokumentet

Dette dokumentet er eit vedlegg til eit dokument som har blitt gjennomgått av medlemmar av W3C og andre interesserte grupper, og har blitt tildelt status som ei W3C-anbefaling. Det er eit stabilt dokument og kan bli brukt som referansemateriale eller sitert som ein normativ referanse frå andre dokument (dette gjeld den engelske versjonen). W3Cs utforma denne anbefalinga for å skapa merksemd om spesifikasjonen og fremma dens bruk. Dette er med på å hjelpa å fremma funksjonalitet og allmenn bruk av resursar på veven.

Du kan finna ei liste over anbefalingar og andre tekniske dokument frå W3Chttp://www.w3.org/TR/.

Dette dokumentet har blitt produsert som ein del av W3Cs initiativ for tilgjengelegheit på veven. Målsetjinga til arbeidsgruppa for desse retningslinjene blir diskutert i gruppas formålsbeskriving.

Send kommentarar til dette dokumentet til wai-wcag-editor@w3.org.


Prioriteringsnivå

Kvart punkt har eit prioriteringsnivå basert på kor mykje det påverkar tilgjenglegheita.

[Prioritet 1]
Ein utviklar av innhald på veven følgja dette punktet. Viss ikkje vil ein eller fleire grupper finna det umuleg å få tilgang til informasjon i dokumentet. Å følgja dette punktet er eit minstekrav for at nokre grupper skal kunna bruka dokumentet.
[Prioritet 2]
Ein utviklarar av innhald på veven bør følgja dette punktet. Viss ikkje vil ei eller fleire grupper få problem med å få tilgang til informasjonen i dokumentet. Viss du følgjer dette punktet vil du fjerna vesentlege hinder for tilgang til informasjonen i dokumentet.
[Prioritet 3]
Ein utviklarar av innhald på veven kan følgja dette punktet. Viss ikkje kan ei eller fleire grupper få enkelte vanskar med å få tilgang til informasjonen i dokumentet. Viss du følgjer dette punktet vil du forbetra tilgangen til dokumentet.

Nokre punkt spesifiserer eit prioriteringsnivå som kan endra seg under visse (markerte) forhold.

Avkryssingspunkt med prioritet 1

Generelt (Prioritet 1)

Og om du brukar bilde eller bildekart (Prioritet 1)

Og om du brukar tabellar (Prioritet 1)

Og om du brukar rammer (Prioritet 1)

Og om du brukar applettar eller skript (Prioritet 1)

Og om du brukar multimedia (Prioritet 1)

Og om du likevel ikkje kan gjera nettstaden tilgjengeleg (Prioritet 1)

Avkryssingspunkt med prioritet 2

Generelt (Prioritet 2)

Og om du brukar tabellar (Prioritet 2)

Og om du brukar rammer (Prioritet 2)

Og om du brukar skjema (Prioritet 2)

Og om du brukar applettar eller skript (Prioritet 2)

Avkryssingspunkt med prioritet 3

Generelt (Prioritet 3)

Og om du brukar bilde eller bildekart (Prioritet 3)

Og om du brukar tabellar (Prioritet 3)

Og om du brukar skjema (Priority 3)