Finn det rette ordet med finn-relaterte-ord
Eg har laga eit enkelt program (Python-skript), finn-relaterte-ord, for å finna ord som er relaterte til eitt eller fleire oppgitte ord. Orda som vert funne, kan vera synonym, men dei kan òg vera andre nærskylde ord. Eit søk på «journalist» vil for eksempel finna både «skribent» og «bladfyk», men òg ord som «avis» og «penn» og uttrykk som «ha ein god penn».