Eg har no lagt ut versjon 2019-04-06 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank.
Her er ei oversikt over det viktigaste nye i denne versjonen:
Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (som anten er frå 2019-02-20 eller 2019-01-23, avhengig om du stolar på nettsida eller på filnamna).
Det var ein del tekniske endringar der, blant anna med teiknkoding og sortering. Den viktigaste endringa for
.txt
-filene slik dei er lagra her i «ordbanken» er at førstekolonnen (som berre inneheldt linjenummer) er fjerna, og at filene er ferdigsorterte. Dette gjev forhåpentlegvis mindre og lesbare diff-ar i framtida.På grunn av endringane er programmet ikkje lenger kompatibelt med «kjeldefiler» frå eldre versjonar av Norsk ordbank. Men gamle versjonar av dei «kompilerte» ordlistefilene (.dat-filene) skal fungera fint.
- Lagt til lenkje til feilrapporteringssystemet, både ved vising av hjelpe- og versjonstekst (#54584).
- Autofullføring på meir enn eitt kriterium gjev ikkje lenger feilmelding (men gjev heller ingen fleire forslag) (#54583).
- Autofullføring av filtreringskriterium (ordklassar) foreslår no berre kriterium der dei første bokstavane er like allereie inntasta kriterium (#54583). For eksempel vil ordbanken teste pre[tab] berre foreslå
pres
,pret
ogpres-part
, ikkjeverb
,imp
ogperf-part
. - Autofullføring for bokmål fungerer no igjen. Feilen oppstod i versjon 2018-07-05, der språkkoden i filnamna for bokmålsordlistene vart endra (#54583).
- Retta feil som gjorde at delar av argumentforklaringa hamna i feil kolonne i hjelpeteksten (ordbanken --hjelp).
- Oppslag på ordet «la» og nokre andre problemord fungerer no igjen. (Problemet kom av feil sortering av ord med apostrof i, noko som gjorde at ord som stod rett etter apostroforda i ordlistefila ikkje fungerte.)
- Vidarefiltrering av ord tek no berre omsyn til sjølve ordkodane (ordklassane), ikkje òg grunnordet. Eit søk på flisleggje fl vil no berre finna fleirtalsforma av ordet «flisleggje», mens det før fann alle formene (sidan sjølve oppslagsordet òg startar med filtreringskriteriet,
fl
). - Fleire testar (make test), for å hindra at det uforvarande dukkar opp nye feil i programmet.
- Mindre forbetringar av AppData-fila.
Meir informasjon finn du på heimesida og prosjektsida. Du kan lasta ned programmet frå nedlastingssida. Brukar du openSUSE, finst det ferdige pakkar du kan bruka (desse fungerer truleg òg fint på andre distroar som brukar RPM-formatet). Brukar du Gentoo, finst det òg ein Gentoo-pakke (obs: per 2019-04-06 er ikkje denne oppdatert til siste versjon).
Tilbakemeldingar er hjarteleg velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår eller send ein e-post direkte til meg.