Eg har no lagt ut versjon 2016-03-20 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Her er det viktigaste nye i denne versjonen:
- Oppdatert fullformsordlistene til 2014-11-04-utgåva frå Norsk ordbank. (Det er den nyaste tilgjengelege versjonen per 2016-03-20.)
- Fullstendig omskriving av det grafiske brukargrensesnittet, frå Python til QML, slik at det fungerer i nyare versjonar av KDE, dvs. i Plasma 5. Og no treng ein ikkje lenger trykka «Enter» for å slå opp eit ord; programmet slår opp ordet straks søkefeltet er oppdatert.
- Retta problem ved bruk av «look»-kommandoen frå BSD look (brukt i blant anna Debian og Ubuntu-baserte distroar). No skal bruk av «look» for raske oppslag fungera på alle system (som har «look»). Sjå feilrapport 46362 for meir informasjon om problemet og løysinga.
- Lagt til AppData-fil med skjermbilde av programmet, samt tekstskildringar på både nynorsk, bokmål og engelsk. (Les gjerne om AppData-spesifikasjonen.)
- Retta lenkjer til Nynorskordboka og Bokmålsordboka i HTML-resultatvisinga. Etter at nettordbøkene bytte teiknkoding til UTF-8, fungerte ikkje oppslagsord som inneheldt teikn utanfor ASCII. No fungerer dei igjen. Generering av URL-kodingsfila som vert brukt går òg no mykje raskare.
- Gjort metadatafiler omsetbare via vanlege .po-filer. Merk at brukargrensesnittet til programmet enno ikkje er omsetbart; det finst berre på nynorsk.
- Tekniske oppdateringar/forbetringar i .desktop-fila.
Meir informasjon finn du på heimesida og prosjektsida. Du kan lasta ned programmet frå nedlastingssida. Brukar du openSUSE, finst det ferdige pakkar du kan bruka (desse fungerer truleg òg fint på andre distroar som brukar RPM-formatet).
Tilbakemeldingar er hjarteleg velkomne. Legg igjen ein kommentar her, delta på e-postlista vår (kan òg lesast via Gmane), eller send ein e-post direkte til meg.