Karl Ove Hufthammer

Morgonritualet

Tid for kortfilm! På Internett-arkivet fann eg ein eg likte veldig godt: The Morning Ritual.

Til tross for tittelen: Sjå filmen på kveldstid for størst effekt. Her er ei direkte nedlastingslenkja for versjonen med høgast kvalitet (77 MiB).

3 kommentarar

  1. Nå føler jeg meg veldig dum, for jeg forstod ikke slutten av filmen. Forstod du den og kan du dele med oss mindre begavede? 😉

  2. Greitt! Her er mi tolking av filmen. Ikkje les vidare om du ikkje allereie har sett han!
    Handlinga foregår rundt eit eldre ektepar. Det er noko finsk fjernsynsteater over det heile. Livet har blitt redusert til rutine; kommunikasjonen har stoppa heilt opp.
    Filmen startar med at ei eldre kvinna står og vaskar opp. Me ser ho nøye vaskar og tørkar ei saks. Det er noko urovekkande over det heile. Me spekulerer kanskje på om ho har drepe nokon.

    Det er i so fall ikkje mannen. Han kjem inn, og me ser kona har laga til ein liten pakke. Vidare understrekar filmen det rutinemessige og kommunikasjonslause ved samlivet deira.
    Kona skal til å gje han pakken fleire gongar, men nøler. Til slutt gjer ho det likevel, utan at det ser ut føra til nokon kjenslereaksjon hos mannen. Han lar pakken stå, og fullfører morgonritualet. Kona ventar. Me ventar.

    So ser me det renne ei væska ut av pakken. Filmen er i svart-kvitt; væska er svart. Men me trur kanskje det kan vera blod. Det er jo noko mørkt over heile filmen.
    So oppdagar mannen blodet, og bestemmer seg endelig for å opna pakken. Kona er tydelig nervøs. Me går mot eit klimaks, understreka av den stadig høgare pipande kjelen. Han opnar pakken og ser – sjokkert ut. Samtidig får me sjå kona. Ho opnar munnen (for første gong i filmen!), og det renn ut ei væska. Ei svart væska. Film slutt!

    Eg tolkar det slik at ho har skore av seg tunga, og pakka ho inn til mannen. Samlivet deira er so disfunksjonelt og kommunikasjonslaust at ein (og han, mannen) ikkje reagerer på at dei ikkje har sagt eitt ord til kvarandre gjennom heile morgonritualet.

    Eg synest filmen er meisterlig fortalt (til tross for enkelte «skjønnheitsfeil»). Denne bråe slutten, som spenninga heile tida er bygd opp om, og der ein først ikkje veit korleis ein skal tolka, gjer det heile berre endå betre.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.