Karl Ove Hufthammer

Korleis byta namn på ein litt komplisert måte?

(oppdatert )

Tenk deg eit land der den vonde herskaren har bestemt at jo, det er lov for alle å byta namn, men berre med éin bokstav. Heiter du Karin, kan du altså byta namn til for eksempel Karen, Kari eller Katrin. Men kva om du heller vil heita Anne? Jo, det går faktisk òg bra; du treng berre gjennomføra fleire etterfølgjande namnebyte: Karin → Kari → Ari → Are → Ane → Anne

(Viss du ikkje vil ha gutenamn innimellom, går det òg bra, men du må ta den meir omstendelege ruta Karin → Kari → Mari → Mai → Maia → Mia → Mina → Aina → Anna → Anne.)

La oss sjå nærare på kven som kan byta namn, og til kva. Me tar utgangspunkt i SSB si liste over alle fornamn brukte av minst 200 personar (i 2013–2024). Det vert då til saman 2 115 namn.

Kan alle personar byta namn? Nei, Herborg og Kolbjørn er nokre av dei 611 personane (29 %) som ikkje kan byta namn i det heile tatt. Det finst nemleg ikkje nokon andre namn som berre skil seg frå deira med berre éin bokstav. Men andre har ein overflod av tilgjengelege namn. For eksempel kan Lina velja mellom 24 namn der ho berre treng eitt namnebyte: Aina, Alina, Dina, Elina, Gina, Ina, Lana, Lena, Liana, Lin, Linas, Linda, Line, Linea, Linn, Lisa, Liva, Liza, Luna, Mina, Nina, Rina, Sina og Tina.

Og Lina og ni andre av desse kan faktisk alle byta namn til (alle av) kvarandre sitt namn med berre eitt namnebyte. Det gjeld Aina, Dina, Gina, Ina, Lina, Mina, Nina, Rina, Sina og Tina.

Det er likevel ganske vanleg å berre ha eitt alternativt namn ein kan få sjølv om ein tillèt fleire etterfølgjande namnebyte. Det gjeld for eksempel Regina ↔ Regine, og det er 272 namn (13 %) som har det slik.

Men kanskje meir overraskande er det at blant dei 2 115 namna i SSB-oversikta finst ein gjeng på heile 825 (39 %) der alle kan (via eitt eller fleire steg) byta til kvarandre sitt namn! Både Lina og Anne er med i denne gjengen. (Oppgåve: Korleis byta namn frå Lina til Anne? Det finst ei løysing der ein berre treng tre namnebyte.)

Her er ei oversikt over ulike slike «gjengar» (på fagspråket klikkar) med namn. Kvar sirkel svarar til eitt namn. Alle med same farge kan byta namn til kvarandre sitt namn via eitt eller fleire steg:

Diagram som viser mange små, farga sirklar, der kvar sirkel svarar til eitt namn. I midten av bildet er dei stor klynge av sirklar med same farge.

Dei lilla sirklane i midten er gjengen med dei 825 namna som alle kan byta til kvarandre sitt namn. Me ser elles at dei fleste «gjengane» er små. Eit meir detaljert utsnitt:

Utsnitt av tidlegare diagram, der ein kan lesa namna på sirklane i utsnittet.

Når ein skal byta namn, er det jo mest praktisk med så namnebyte som mogleg. Viss Ane vil byta namn til Anne, greier det seg med eitt byte (Ane → Anne); ho treng ikkje ta omvegen Ane → Ann → Anne. Men kva er den lengste kortaste slike namnebyte­sekvensen mellom to namn? Jo, den er det Bertha som står for. Ho treng 22 namnebyte for å byta namn til anten Madeleine eller Amalia. Det finst fleire løysingar, men for eksempel slik kan ho gjera for å enda opp som Madeleine:

Bertha → Berta → Beata → Beate → Bente → Bent → Ben → Iben → Iren → Irena → Irina → Rina → Ina → Ana → Ada → Adam → Adem → Adel → Adele → Adelen → Madelen → Madelene → Madeleine

(Klarar du å finna ei like god løysing for namnebytet frå Bertha til Amalia?)

No har me altså sett korleis me kan undergrava den altfor strenge namne­­lovgjevinga til den vonde herskaren. I Noreg står me heldigvis mykje friare til å velja kva namn me skal byta til. Men til gjengjeld er det (med nokre unntak) berre lov å byta namn kvart tiande år.

Legg til kommentar

E-postadressa vert ikkje synleg for andre. Obligatoriske felt er merkte med *.